FRONTKOLLISJON I BERGEN:

Natt til fredag i Kokstadvegen i Bergen var det ein front-mot-front-kollisjon. Politiet fekk melding klokka 22.41 og alle naudetatar var på staden klokka 22.51. Det var totalt fem personar involvert, fire i den eine bilen, og ein person i den andre. Ein person vart sendt til legevakta, og ein til Haukeland sjukehus. Desse skal ha hatt kuttskadar. Ein person fekk førarkortet kverrsett. Brannvesenet var ferdig på åstaden klokka 23.49. Det er oppretta sak.