Hopp til innhold

Franske turistar overnatta i vedskjul på Hardangervidda

Fire fotturistar frå Frankrike vart overraska av kaldt vær og snøbyer, og søkte ly i eitt vedskjul mellom Finse og Hallingskeid i natt.

franske fotturistar på vidda

– Dei kontakta politiet i går ettermiddag. Dei begynte å gå frå Finse tidlegare på morgonen, med mål om å nå Hallingskeid. Men dei vart overraska over kaldt og veldig dårleg vær, og var redde for at dei ikkje kom til å nå fram før det vart mørkt, seier operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt.

Dei franske fotturistane var også i ferd med å gå tom for straum på mobiltelefonen, og bestemte seg difor tidleg for å melda frå om kor dei var og be om hjelp.

– Vi prøvde først å senda mannskap frå Røde Kors av garde for å henta dei ned, men været vart for dårleg i går.

Overnatta i vedskjul

Dei fire fotturistane har difor søkt ly i eit vedskjul ved Grjotrusti. Dei hadde ikkje telt, men hadde med sovepose, mat og vatn.

– Vi hentar dei ned i dag når det blir dagslys. Vi har sendt dei tekstmeldingar, vi antek no at dei har gått tomme for straum. Dette skal gå fint, det er ingen dramatikk i dette, men ei viktig påminning om at vinteren snart er over oss, seier Kronen.

Mannskap på veg

Klokka 08.00 har politiet på nytt vore i kontakt med franskmennene i vedskjulet på Hardangervidda.

– Dei var på same stad og fortalde at dei var i grei form. Vi bad dei halde seg der til Røde Kors er framme, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Mannskap frå Røde Kors på Finse har no lagt ut på den ca. 15 kilometer lange turen til Grjotrusti.

– Planen er å følgje dei tilbake til Finse, seier Hellesund som på grunn av været i området reknar med at operasjonen til ta nokre timar.