Hopp til innhold

Framleis uklart om oppseiingar i BT

10 tilsette i Bergens Tidende fekk førre veke valet om å søka sluttpakke, eller å bli sagt opp. Fristen for å søka om sluttpakke var sett til fredag klokka 15.00 førre veke, men sjefredaktør Øyulf Hjertnes ønsker ikkje å kommentera status no. – Dei som har bedt om meir tid, har fått det. Me kan ikkje sjå bort frå oppseiingar i BT, men eg har ikkje lyst å spekulera noko meir om sannsynet for det, seier Hjertnes til NRK.