NRK Meny

FRAMLEIS TELENOR-PROBLEM

Telenor har framleis to samtidige feil på telenettet. Tidlegare i dag var 2000 kundar utan telefon, men no har talet minka til 147. Feil på fasttelefon gjeld framleis for Samnanger, Vaksdal og Osterøy.

Når det gjeld breiband var telenor oppe i 4300 kundar som ikkje fekk inn breiband, og dette talet er no nede i 4200. Dette gjeld framleis delar av Bergen, Voss, Samnanger, Vaksdal og Osterøy.

Det er framleis redusert mobildekning på delar av Voss, Vaksdal, Modalen og Osterøy.

Telenor håpar å få retta feilen innan klokka 8.00 onsdag morgon.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.