Hopp til innhold

Forsvaret deltar i leiting etter Eeva-Maria

Politiet har fått informasjon om ein mogleg observasjon av Eeva-Maria Sieppi. I kveld gjer 50 personar frå forsvaret søk i det aktuelle området.

Forsvaret deltar i søk etter Eeva-Maria Sieppi

HAGAR: Forsvaret sine folk leitar i hagar og i det offentlege rom i området på Nygårdshøyden.

Foto: NRK

31 år gamle Eeva-Maria Sieppi har vore sakna sidan natt til 17. mai. Ho blei sist observert på Deli de Luca i Torggaten i Bergen sentrum. Dette var klokka 03.00 denne natta.

Kjetil Øyri

SØK: Kjetil Øyri i Hordaland politidistrikt er innsatsleiar for søket som blir gjort tysdag kveld.

Foto: NRK
Eeva-Maria Sieppi

SISTE OBSERVASJON?: Deli de Luca i Torggaten i Bergen er siste stadfesta observasjon av Eeva-Maria Sieppi, men eit vitne kan ha observert henne ved Johanneskirken kort tid etter.

Foto: Overvåkningskamera
Sakna - Eeva-Maria Sieppi

SAKNA: Eeva-Maria Sieppi blei sist observert natt til 17. mai. Tysdag ettermiddag skal forsvaret leite etter henne i området rundt Johanneskirken i Bergen.

Foto: Privat

Politiet har etterlyst opplysingar frå vitne som kan ha observert Sieppi etter dette. Politiet er no blitt kontakta av eit vitne som kan ha observert henne kort tid etter, og vel difor å setta i gang eit søk i dette området tysdag ettermiddag.

– Bakgrunnen er ein mogleg observasjon av henne ved Johanneskirken etter den siste kjente observasjonen på Deli de Luca, seier operasjonsleiar Inger Myrtvedt i Hordaland politidistrikt.

Ser etter viktige spor i området

– Ut frå dette vel me no å gjera søk ved Johanneskirken, på Nygårdshøyden og på Møhlenpris, og forsvaret har sagt at dei kan stilla med 50 mann til dette søket, seier Myrtvedt.

Det blir gjort grundige søk i nærområdet ved Johanneskirken og sørover mot gamle Nygårdsbru.

– Søket startar me ut frå denne vitneobservasjonen, fordi me ønskjer å vera sikre på at det ikkje ligg spor i dette området som er viktige for politiet for å avklara kor den sakna kan vera, forklarer innsatsleiar Kjetil Øyri i Hordaland politidistrikt.

Leitar etter gjenstandar

Søket starta klokka 18 i kveld.

– Me leitar etter gjenstandar som kan knytast til den sakna personen. Det kan vera personlege eigedelar, telefon og anna som kan knytast til eit eventuelt funn av ein person, seier Orlogskaptein John-Fredrik Honningsvåg i Sjøforsvaret til NRK tysdag kveld.

– Me går i det offentlege rom og kikkar inn i hagar og bakgårdar der det er naturleg. Me vil halda på til me føler me er ferdige med dei områda me har koordinert med politiet og til det eventuelt blir mørkt, seier Honningsvåg.

Familien meldte Eeva-Maria Sieppi 18. mai sakna hos politiet. Familie og venner har dagleg leita etter Eeva-Maria Sieppi Dei har også vore frustretre over politiet sin innsats

Fredag sist veke blei det leita etter 31-åringen i Lille Lungegårdsvann og i Vågen Det blei ikkje gjort funn i søka.