NRK Meny
Normal

Første siger for Nest-Sotra

Alle poenga vart att på Ågotnes då Nest-Sotra tukta Fredrikstad på heimebane.

Nest-Sotra-spelar Preben Hammersland jublar for skåringa mot Fredrikstad

SIGERSBRØLET: Preben Hammersland jublar for skåringa som sikra sigeren mot Fredrikstad. Her med Gojko Ivkovic og Kristoffer Zachariassen.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport

Avgjerda kom i det 74. minutt. Preben Hammersland hadde ikkje vore mange minuttane på bana då han tok imot ein pasning frå medspelar Bjarte Haugsdal.

På 20 meter stoppa han ballen, vende seg og klemte ballen i venstre kryss, utagbart for Fredrikstad-målvakta.

Målet kom i ein periode der bortelaget var meir med i kampen. Like før pause fekk gjestene ein mann utvist, då Julus Adaramola fekk sitt andre gule kort for dagen.

Klatrar på tabellen

Då hadde heimelaget gjort ein god 1. omgang, men utan å få hull på byllen. Fredrikstad sin målvakt hadde meir enn nok å gjera på, og dei mange forsøka frå spissen Steffen Lie Skålevik fann aldri vegen til nettmaskene.

Men susaren frå Hammersland sikra altså Nest-Sotra tre svært viktige poeng, og grøntrøyene tek eit førebels steg vekk frå botnplassen i 1. divisjon. I førre runde tok dei sitt første poeng for sesongen, då dei spela 1–1 borte mot Follo.

Før resten av kveldens kampar ligg grøntrøyene på ein 14.-plass i 1. divisjon med fire poeng.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.