Hopp til innhold

18 millionar til nordlys-forsking for å forstå verdsrommet betre

BERGEN (NRK): Forskarteam ved UiB får pengar frå milliardæren Trond Mohn for å forska på magnetfeltet rundt jorda. Det kan gje betre varsling av nordlys og beskytta satellittar i verdsrommet.

Bilde av nordlys, tatt fra Andøya

NORDLYS-VARSEL: Forsking på nordlys og sørlys frå Bergen kan gje nye moglegheiter for å varsle og forstå nordlyset

Foto: Kjartan Olafsson / UiB

Karl Magnus Laundal forskar på nordlys og romvêret rundt jorda.

Denne veka fekk han og gruppa han leiar på Institutt for fysikk teknologi ved Universitetet i Bergen (UiB) ei gladmelding:

Trond Mohn Stiftelse har gjeve 9,2 millionar kroner til forskinga deira, som har fått namnet «What shapes space».

– Det er jo fantastisk. Det gir oss moglegheit til å tenka større og meir langsiktig.

I ein avtale pliktar UiB å gje lika mykje som stiftinga til prosjekta dei støtter. Totalt får forskarane 18,4 millionar.

Prosjektet skal ta fire år, og midlane skal brukast til å gje jobb til doktorgradsstudentar og forskarar.

Karl M. Laundal ved Universitetet i Bergen

– Midlane gjer oss moglegheit til å ta eit stort steg vidare i forskinga, seier Laundal.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Magnetboble rundt jorda

Ved å sjå på rørslene til nordlyset og sørlyset kan forskarane finna ut korleis magnetfeltet rundt jorda beveger seg.

Rundt jorda er det ei slags magnetisk boble, kalla magnetosfæren. Dette skjermar oss frå partiklar frå solvinden som heile tida treff magnetfeltet.

– På grunn av dette er magnetosfæren i konstant forandring. Me skal forska på korleis desse forandringane skjer.

Nordlyset oppstår når partiklar frå magnetosfæren treff atmosfæren til jorda, der magnetfeltslinjene går gjennom atmosfæren.

– Om ein ser på nordlys og sørlys samstundes kan me sjå vridinga i magnetfeltet.

Karl M. Laundal ved Universitetet i Bergen syner ein illustrasjon av magnetfeltet rundt jorda.

SOLVIND: Ein video frå UiB syner korleis solvinden påverkar magnetosfæren til jorda.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Prøver å forstå det som skjer

Arbeidet Karl Magnus Laundal skal leia er grunnforsking. Det vil seie at dei prøver å finna ut kva som faktisk skjer der ute i rommet.

– Me prøver å forstå dei prosessane som skjer i verdsrommet rundt oss.

Dei skal henta inn informasjon frå mange ulike kjelder. Som satellittar i verdsrommet og magnetometer, radarar og kamera nede på jorda.

Det dei finn kan bidra til betre varsling av romvêr, betre varsling av nordlys og til å skjerma satellittar og anna infrastruktur i verdsrommet.

Denne videoen forklarer meir av det forskinga går ut på:

Kjem frå milliardær

Trond Mohn stiftelse er den største allmennyttige stiftinga som støttar forsking i Noreg. Mohn er ein av dei rikaste i landet, og brukar store summar kvart år til idrett, helse og forsking.

Midlane som Laundal og gruppa hans har fått er ein del av Starting Grant-programmet til stiftinga. Programmet er flaggskipet vårt, seier dagleg leiar Sveinung Hole.

– Sidan 2005 har me rekruttert 42 framifrå forskarar frå heile verda til UiB.

Laundal vart nominert av UiB og har vore gjennom to nominasjonsrundar hjå stiftinga. Han vart evaluert av seks internasjonale ekspertar frå nokre av dei beste universiteta i verda, ifølgje Hole.

Desse tre prosjekta fekk oppstartsmidlar frå forskinga denne veka:

  • Jenny Mjösberg: «Single-cell analysis of intestinal lymphocytes reveals targets for treatment of inflammatory bowel disease.»
  • Eirik Hovden: «How does Islamic Law Change? Canonization and Codification of Islamic Legal Texts»
  • Karl Magnus Laundal: «What Shapes Space»
Nordlys over Canada

Nordlys over Canada, sett frå verdsrommet.

Foto: NASA