Ifølgje Det Norske Samlaget skjedde dødsfallet brått og uventa. Dødsårsaka er førebels ikkje kjent, men forlaget opplyser at Leikvoll var open om at han levde med ein hjernesvulst store delar av livet.
Leikvoll var frå Frekhaug i Nordhordland og debuterte i 2008 med den kritikarroste romanen «Eit vintereventyr». I 2010 blei den andre romanen hans, «Fiolinane», nominert til Kritikerprisen og tildelt Ungdommens kritikarpris.
– Romanane «Fiolinane», «Bovara» og «Songfuglen» stadfesta han som ei av dei sterkaste og mest særprega stemmene i ny norsk litteratur, skriv forlaget i ei pressemelding.
Bøkene hans blir skildra som kjenneteikna av «eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene for menneskeleg erfaring blir portrettert med nådelaus realisme».
Leikvoll fekk i 2013 både Bokhandelens forfattarstipend og den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris for dei tre første romanane sine.