Førar status som mistenkt

Etterforskinga etter dødsulykka på Stordabrua i går held fram. Ein mann omkom etter at delar av taket på eit møtande vogntog trefte bilen mannen satt i. – Føraren av vogntoget har fått status som mistenkt. Han erkjenner ikkje straffskuld, opplyser lensmann Odd Harald Hovland.