NRK Meny
Normal

Tipsflaum etter lokkemenn-episodar på Sotra

– Me har fått inn over 60 tips etter meldingane om lokkemenn på Sotra, men ingen av dei har ført til ei oppklaring, seier Per Algerøy ved Sotra lensmannskontor.

Per Algerøy

FÅTT OVER 60 TIPS: Politiet held fram med å patruljere kring skulane på Sotra etter fleire meldingar om lokkemenn. – Etterforskinga av saka vil halde fram for fullt, så lenge politiet vurderer det som nødvendig, seier politibetjent Per Algerøy ved Sotra lensmannskontor.

Foto: NRK

Politiet held framleis vakt ved skulane på Sotra, etter at ei 15-år gammal jente blei forsøkt dratt inn i ein bil i førre veke.

– Me har fleire patruljar ute i dag og litt meir fokus på skulane enn det me vanlegvis har, men me vil nok gå mot ei normalisering dei neste dagane, seier overbetjent Per Algerøy ved Sotra lensmannskontor.

Etterforskinga av saka vil halde fram for fullt, så lenge politiet vurderer det som nødvendig.

Har fått over 60 tips

Dei to siste vekene har politiet fått fleire meldingar om at barn er blitt forsøkt lokka bort på Sotra og Askøy. I alt skal fem barn ha blitt kontakta av ukjente menn, ved tre ulike tidspunkt.

LES OGSÅ: Ber om hjelp til å finne moglege lokkemenn

Ingen vitne har så langt meldt seg etter hendingane, men politiet får stadig inn fleire tips.

– Folk melder frå om underleg køyring eller personar dei meiner oppfører seg merkeleg. Me har no fått inn over 60 tips, men ingen av dei har så langt ført til ei oppklaring, seier Algerøy.

LES OGSÅ: – To jenter på ni år utsatt for blotter

Ser gjennom filmovervaking

Politiet ser no gjennom videoar tatt opp i området, og har sendt inn kle til DNA-undersøking.

– Me får frå tid til anna inn meldingar om at barn er blitt tatt kontakt med av ukjente personar. No har det vore ei opphoping av slike meldingar ei stund, men det ser ut til at dette er i ferd med å roe seg igjen, seier Algerøy.

Har du tips kan du nå politiet på telefon 56 31 58 00 eller 02800.

Laster kart, vennligst vent...

FLEIRE HENDINGAR: Det har vore totalt fem hendingar med lokkemenn, forsøk på bortføring og blotting på Askøy og Sotra den siste tida. Politiet ser så langt inga klar samanheng mellom sakene.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.