NRK Meny
Normal

Iskald Barmen-straffe sikra siger

Ei iskald straffe frå innbyttar Kristoffer Barmen sikra Brann sigeren mot Bryne i kveld.

Brann

SCORTE: Kristoffer Barmen sikra sigeren i kveld.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Brann møter Bryne for tredje gang i år. Begge de føregåande kampane enda med siger til Brann på bortebane.

1-1- til pause

Det starta bra for Brann som køyrte over Bryne i første del av kampen. Allereie etter ni minutt tok bergenserane leiiinga på heimbane. Steffen Lie Skålevik sto for scoringa.

Etter halvspelt omgang og utover har Bryne vore det beste laget. Innsatsen betalte seg i det 39. minutt då Magnus Grødum legg ballen fint i høgre hjørne av mål.

Her er laget som startar for Brann

Brann-laget (4-3-3): Piotr Leciejewski – Amin Nouri, Vadim Demidov, Bismar Acosta, Ruben Kristiansen – Kasper Skaanes, Sivert Heltne Nilsen, Fredrik Haugen – Amadayia Rennie, Steffen Lie Skålevik, Erik Huseklepp.

  • HØR KAMPEN DIREKTE PÅ NRK SPORT
Selfie frå Oddgeir Øystese i bua

KOMMENTERER: Oddgeir Øystese kommenterer kampen på NRK Sport.

Foto: NRK

Bryne ligg på 10. plass på tabellen med 30 poeng. Brann på 3. plass med 43 poeng.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik