Hopp til innhold

Varslar gigantkrav etter flybussbråk i Bergen

Får ikkje FlybussBergen lov til å nytte haldeplassane ved terminalen på Flesland, kan det koma krav om erstatning. Fredag går saka mellom selskapet og Avinor for retten.

Flybussbråk Bergen

STRID: FlybussBergen kranglar med Avinor om haldeplassane ved Bergen lufthamn Flesland. Til venstre ein buss frå FlybussBergen, til høgre ein buss frå Tide. I dag kan begge nytte dei nye haldeplassane ved terminalen.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Om Avinor urettvis tek frå ein aktør moglegheita til å driva kommersiell verksemd, kan det medføre eit erstatningssøksmål i over 100-millionars klassen.

Robert Aasmul, administrerande direktør i FlybussBergen

Då FlybussBergen i desember tapte anbodskonkurransen om to ny haldeplassar ved Bergen lufthamn Flesland, valde dei å ta saka til retten.

– Avinor fekk inn to tilbod. Vårt tilbod vart forkasta, medan den andre leverandøren vil få einerett på å nytte seg av buss-stoppet på Bergen lufthavn, seier administrerande direktør i FlybussBergen, Robert Aasmul.

Den andre leverandøren han siktar til er Tide Flybuss.

For selskapet til Aasmul kan det bety at dei ikkje lenger kan henta eller levera passasjerar ved terminalen.

FlybussBergen har varsla Avinor om at dei kan komma med eit erstatningskrav i 100-millionarsklassen, om Avinor signerer kontrakten med Tide Flybuss.

Årelang konflikt

Flybuss-konflikten i Bergen har vore ei årelang strid i vestlandsbyen. Sentralt i krangelen er haldeplassane ved terminalen på Bergen lufthamn Flesland.

For etter at FlybussBergen utfordra monopolet til Tide og byrja å køyre frå og til Flesland i april 2012, har det vore dragkamp om passasjerane. Selskapet har lenge meint at Tide Flybuss, som har køyrt flybuss i Bergen i nærare 50 år, har hatt betre haldeplassar på flyplassen enn dei.

I desember i fjor såg det ut til å løysa seg, då nye haldeplassar var klare på grunn av utbygginga av Flesland. FlybussBergen var nøgd og meinte dei nye haldeplassane endeleg var rettferdige.

Artikkelen held fram under biletet

Flybusskrig Bergen

SIDE OM SIDE: Kampen om passasjerane er hard. Side om side står dei to selskapa og sel billettar til reisande ved Bergen lufthamn, Flesland.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Tapte anbodet

Men berre dagar etter blussa det opp til ny strid. Då Avinor la ut anbod på to haldeplassar ved terminalen, var det Tide Flybuss som vann fram.

Tilbodet til FlybussBergen vart ikkje vurdert. Avinor skreiv i pressemeldinga 18. desember at selskapet ikkje oppfylte kravet om tilstrekkeleg økonomisk gjennomføringsevne.

– Kort sagt mangla dokumentasjon som det konkret var stilt krav om at skulle leggast fram i tilbodet. Når dei ikkje tilfredsstilte krava som var stilt i konkurranseunderlaget var det umogleg for oss å akseptere det, sa kommersiell sjef i Avinor, Aina Tysse til Bergens Tidende.

Betalte ikkje leige

I 2013 betalte ikkje FlybussBergen leige på haldeplassen dei nyttar ved terminalen. Administrerande direktør Robert Aasmul, seier dei ikkje har betalt fordi dei meiner Avinor har brote den gjeldande kontrakten om haldeplass.

– Tvert i mot har vi betalt leige på ein parkeringsplass i eitt år som vi ikkje får disponere. Så i 2013 bestemt eg at nok er nok. Eg sa til Avinor at vi kan ikkje halde fram med å betale for ei teneste som vi ikkje har fått levert, hevdar han til NRK i dag.

Då FlybussBergen starta opp i april 2012 fekk selskapet haldeplassar mellom 30-40 meter frå TideBuss sine haldeplassar.

Han avviser kategorisk at selskapet ikkje har "økonomisk gjennomføringsevne", slik Avinor hevda då dei sa nei til FlybussBergen sitt tilbod i anbodsrunden.

Kan kome krav om erstatning

Aslak Sverdrup

Lufthamnsjef på Flesland, Aslak Sverdrup vil ikkje kommentere saka før den går i Oslo tingrett fredag.

Foto: Avinor

Saka hamnar på bordet i Oslo tingrett på fredag. FlybussBergen sende etter anbodskonkurransen inn oppmoding om mellombels rådgjerd i retten. Vert den innvilga på fredag, kan den stoppe avtalen mellom Avinor og Tide Flybuss.

Skulle det motsette skje, og ein avtale mellom Tide Flybuss og Avinor blir signert, varslar Aasmul at det kan kome eit erstatningskrav om tapt inntekter frå dei.

– Ja. Vi håpar og trur at sentrale personar i Avinor ser alvoret i det dei held på med. FlybussBergen har konsesjon til å køyre fire ruter i Bergen og vi henvendar oss til kring 2 millionar reisande som skal bruke vårt tilbod i dei 10 åra konsesjonen gjeld.

– Om Avinor urettvis tek frå ein aktør moglegheita til å driva kommersiell verksemd, kan det medføre eit erstatningssøksmål i over 100-millionars klassen, seier Aasmul.

– Ingen kommentar

NRK har måndag vore i kontakt med lufthamnsjef Aslak Sverdrup på Flesland. Han vil ikkje sei noko før saka går i tingretten på fredag.

– Eg vil ikkje gå inn å kommentere saka før den går for retten på fredag, seier han måndag føremiddag.

Til Bergens Tidende 18. desember i fjor, sa Sverdrup at dei stiller seg positive til konkurranse.

– Men det må skje på like vilkår og i tråd med regelverket som gjeld ved anbodsrundar.

– Glad vi kan velje

Måndag møtte NRK fleire reisande utanfor terminalen på Flesland. Dei fleste er nøgde med å kunne velja mellom to aktørar når dei skal til eller frå flyplassen.

– Eg meiner konkurranse er sunt. Det er flott for oss som nyttar oss av flybussane, og det påverkar prisane positivt. Eg vel det billigaste og det som er lettast tilgjengeleg, seier Kristoffer Fjørtoft.

– Eg ser ikkje heilt kvifor det berre skal vera ein moglegheit for å ta bussen heim for oss passasjerar, meiner Sondre Sørheim.

Reisande på Bergen lufthavn Flesland vil gjerne ha meir enn ein aktør å velja i når dei skal ta flybuss.

SJÅ VIDEO: Reisande på Bergen lufthavn Flesland vil gjerne ha meir enn ein aktør å velja i når dei skal ta flybuss. VJ: Jørgen Eide