Hopp til innhold

Tåka lettar – fleire fly har klart å lande

Fly har hatt store problem med å lande i Bergen på grunn av tjukk skodde over Flesland. No er tåka i ferd med å lette, og fleire fly har fått landa.

Flesland

TÅKA LETTAR; Den tjukke skodda som ha hindra flytrafikken over Flesland i morgontimane, er i ferd med å lette. Fleire fly har no klart å lande på flyplassen.

Foto: Clarion Hotel

Flyselskapa melde i morgontimane om at dei hadde store problem med å lande i Bergen på grunn av tjukk bakkeskodde over Flesland.

Klokka ni var tåka i ferd med å lette, og flya landar no som normalt.

– Litt over ni byrja flya å lette. No er det fem–seks fly som har landa, og fleire er på veg inn, fortel lufthamndirektør Aslak Sverdrup.

Skjermdump av sirkulerende fly

SIRKULERER: Skjermdumpen syner korleis Norwegian sitt fly frå Stavanger klokka 07.00 sirkulerte i lang tid over Flesland før det måtte snu.

Foto: Flightradar24.com

Flya landar og lettar no som normalt, med unntak av dei som har fått endra avreisetidspunkt på grunn av den tjukke skodda.

Fire fly sirkulerte i lufta

Kring halv ni i dag var det framleis svært dårleg sikt på Flesland.

– Det har vore tett tåke i dag. Me ser ikkje ein gong brannstasjonen frå terminalen, og det er berre snakk om 200 meter, sa lufthamndirektør Aslak Sverdrup til NRK tidlegare i dag.

– Fire fly sirkulerte over oss i stad då eg snakka med tårnet. I tillegg er det ein del fly som har vore nøydd til å reise tilbake der dei kom frå.

Eit av flya som måtte returnere kom frå Stavanger. Det er no reist tilbake til Sola.

– Det står eit fly med passasjerar i Stavanger som ventar på å få reise tilbake til Bergen. Flyselskapet må sjølve ta ei vurdering på om dei vil sende det tilbake til oss.

Tre kanselleringar til no

Bergen lufthamn Flesland har til no kansellert tre avgangar. Fleire fly som står klare til å lette har også fått nye avreisetidspunkt.

– Tre fly er kansellert. I tillegg er det fleire fly som er om lag ein time forsinka. Det er ein del passasjerar her som har måtte booke om billettane sine, seier Sverdrup.

På grunn av oljemessa i Stavanger er flya som skal til Sola fulle.

– Tåka har skapa litt problem for passasjerar som skulle til Stavanger. Tysdagsmorgonar er også relativt travle, så dette har påverka ein god del passasjerar.

Flyselskapa prøver å ta inn forseinkingane så godt dei kan, men problema kan komme til å forsinke andre avgangar ut over dagen.

Sverdrup ber folk følgje med på nettsida til Bergen lufthamn Flesland.

– Dei fleste av flya kjem til å gå, men kanskje noko forsinka. Folk bør møte opp og vere klare til å reise, seier han.

Clarion Hotel på Flesland i tåke

TJUKK SKODDE: Slik ser det ut på Flesland i 09-tida. Biletet viser Clarion Hotel som ligg rett ved terminalen og rullebana.

Foto: Clarion Hotel