Hopp til innhold

Torpederer ideen om byfylke

Det politiske fleirtalet i Bergen kjem med to klare meldingar til byrådspartia Høgre og Framstegspartiet: Ja til ein større vestlandsregion. Nei til Bergen som eige byfylke.

Harald Schjelderup (Ap) og Erlend Horn (V)

SAMAN FOR VESTLANDSREGION: Harald Schjelderup (Ap) og Erlend Horn (V) ønskjer ein ny vestlandsregion som er større enn dagens fylkeskommunar.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Me parkerer no diskusjonen om at Bergen skal verta eit eige fylke, seier Arbeidarpartiet sin gruppeleiar i Bergen, Harald Schjelderup.

Måndag er kommunereforma tema i Bergen bystyre. Men allereie no er det klart at opposisjonen går saman om eit fleirtal for å stoppa mindretalsbyrådet sine ambisjonar om at Bergen kan verta eit eige fylke.

Byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen har tatt til orde for at Bergen, samanslått med fleire omlandskommunar, kan overta fylkeskommunen sine oppgåver og få same status som Oslo.

– Vil styrka Vestlandet

– Eg er glad for at byrådsleiaren starta denne debatten om at Bergen bør få fleire oppgåver, men eg er ueinig med han i at Bergen bør verta eit eige fylke. Eit eige byfylke ville etter vår meining ha svekka, og ikkje styrka Bergen si rolle, seier Erlend Horn frå Venstre.

I tillegg støttar Kristeleg folkeparti, Senterpartiet, SV, Byluftlisten og Miljøpartiet dei grøne forslaget.

Bystyret ber om at byrådet legger til grunn at Bergen i fremtiden skal være del av et større regionalt forvalningsnivå på vestlandet, i tråd med Stortingets vedtak om at ordningen med tre forvaltningsnivåer i Norge skal opprettholdes.

Fleirtalsforslaget som vert støtta av heile opposisjonen utanom Raudt

LES ÒG: Fekk nei av naboen i nord

Schjelderup og Horn ønskjer å senda eit signal både til regjeringa og byrådet om at dei framleis ønskjer eit nivå mellom kommune og stat.

– Byrådet må no jobba for ein folkevalt region som er større enn dagens fylkeskommune. Det andre er at regjeringa får signal om at me ønskjer eit folkevalt vestland og ikkje meir sentralisering, seier gruppeleiaren til Ap.

– Ikkje eit nederlag

Martin Smith-Sivertsen går ikkje med på at det er eit nederlag, at fleirtalet går imot visjonen om Bergen som eigen fylkeskommune.

Martin Smith-Sivertsen

VIL HA BYFYLKE: Byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen har tatt til orde for at Bergen bør verta eit eige fylke, på linje med Oslo.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Eg gjer eigentleg ikkje det. For meg er det fleire oppgåver som er poenget, og at det kunne vera bra om me kunne overta ein del av fylkeskommunen sine oppgåver.

Smith-Sivertsen seier han på eit seinare tidspunkt ikkje er framand for å jobba for ein vestlandsregion.

– Om Stortinget vil ha store regionar, kjem eg sikkert til å jobba aktivt for ein sterk vestlandsregion, seier byrådsleiaren.

LES ÒG: Slik vil NHO laga nye bykommunar

Uklart forslag

Høgre sin gruppeleiar i bystyret Dag Skansen har sett forslaget, og er ikkje heilt fornøgd med måten det er formulert på.

– No skal eg jobba fram mot bystyret med å finna ut om det er mogeleg å endra formuleringane slik at også me kan stilla oss bak forslaget, seier Skansen.