NRK Meny
Normal

Fleirtal for framleis å kaste ut born

Fleirtalet i oppvekstkomiteen meiner Bergen kommune framleis bør seie opp barnehageplassen, dersom foreldra ikkje betalar rekninga.

Barnehagebarn

KAN FRAMLEIS MISTE PLASSEN: Både Høgre, Frp og KrF vil halde fram med reglane om at plassen kan ryke om foreldra ikkje betalar.

Foto: colourbox.com

Dei siste åra har hundrevis av norske barn mista barnehageplassen, på grunn av at foreldra ikkje har betalt rekninga.

Etter at NRK avdekka at reglane om at gammal gjeld må vere betalt før barna får ny plass, er i strid med lovverket, vert det i Bergen no gjort endringar som sikrar at barna får ny plass ved neste hovudopptak.

Sofie Marhaug

– IKKJE RETT: Sofie Marhaug (R) ønsker ei større endring i regelverket til kommunen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Men sjølv om ingen lenger kan hindrast i å plass, meiner fleirtalet i oppvekstkomiteen at Bergen kommune bør halde fram med reglane om at barn kan miste plassen dersom foreldra ikkje betalar.

Det får Sofie Marhaug (Raudt) til å reagere.

– Me tykkjer ikkje det er riktig at barn skal bli skadelidande på grunn av foreldra si manglande betalingsevne. Det er dumt at ein ikkje har gjort ei meir radikal endring i denne saka, seier Marhaug.

BAKGRUNN: Barn av dårlige betalere fratas SFO- og barnehageplass

Vil framleis seie opp dei som ikkje betalar

Charlotte Spurkeland

ENDRAR REGLANE: Charlotte Spurkeland (H) meiner kommunen framleis må kunne seie opp barnehageplassen når foreldra ikkje betalar.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Høgre, Frp, V og KrF går inn for at foreldra må ha minst tre ubetalte månadsrekningar for at plassen skal kunne seiast opp, slik kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) tidlegare har signalisert bør vere normen.

Bergen har tidlegare sagt opp barnehageplassar for langt mindre beløp. Charlotte Spurkeland, som sit i oppvekstkomiteen for Høgre, meiner endringa dei no gjer er tilstrekkeleg for å gjere regelverket lovleg.

– Det er veldig viktig at Bergen kommune følgjer opp dei signala me har fått frå kunnskapsministeren og Utdanningsdirektoratet om at dei reglane me har hatt til no, ikkje har vore i tråd med lova, seier Spurkeland.

– Barn kan bli kasteballar

Arbeidarpartiet har ikkje konkludert, men fryktar at enkelte barn gang på gang kan miste barnehageplassen når kommunen held på den moglegheiten.

Pål Hafstad Thorsen

– KASTEBALLAR: På Hafstad Thorsen (Ap) fryktar barn kan bli skadelidande av kommunens regelverk.

Foto: Sølve Rydland

– Barn kan bli kasteballar, slik forslaget er no. Me ønskjer eit system der foreldre skal gjere opp for seg, utan at barna blir skadelidande og mister plassen sin i barnehage eller SFO, seier Pål Hafstad Thorsen.

Spurkeland trur ikkje forslaget vil svekke barna sin rett på barnehageplass.

– Eg trur ikkje det, og eg trur det er veldig viktig at me som kommune sikrar at me ikkje får familiar som kjem opp i den type gjeld som me hadde for berre nokre år sidan, då enkelte familiar hadde gjeld på over 100.000 kroner, seier Spurkeland.

Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet arbeidar no med å finne ut om kommunane kan seie opp barn eller ikkje.

LES OGSÅ: No vil Bergen endra barnehagereglane

Siste video

Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.
Vestlandsrevyen 21.september frå Torgallmenningen i Bergen.