Hopp til innhold

Fleire til legevakt for blodprøve

To menn på 36 og 43 år vart i natt sende til legevakt for blodprøve. Begge vart stansa i promillekontroll i Bekkjarvik. Dei er mistenkte for høvesvis å ha køyrd bil og båt medan dei var rusa. Ein 21 år gammal mann vart også stansa av politiet seint i går kveld. Han vart sendt til legevakt for blodprøve etter at politiet stoppa han på Hatvikvegen i Os. Også han er mistenkt for å ha køyrd medan han var rusa.