Hopp til innhold

Fleire slåstkampar i Bergen sentrum

Natt til laurdag vart hektisk for politiet, med ei rekke slåstkampar i Bergen og seks hytteinnbrot i Kvinnherad. – Dessverre ikkje uvanleg, seier operasjonsleiaren.

Fleire slåstkampar i Bergen

– Det vore ein del krangling og rusa menneske ute i gatene i natt. Fem-seks personar er køyrt til legevakt for behandling, seier operasjonsleiar i politiet Hans-Eirik Thue.

Det heile starta like før klokka eitt i natt, då fem personar slost på Torgallmenningen.

Laster Twitter-innhold

Om lag ein time seinare kom det melding om slåsting på Kleppestø, der fem personar var involvert.

Laster Twitter-innhold

Ikkje lenge etter blei ein 46 år gamal mann slått i Helgesens gate, og køyrd til legevakt for ambulanse. Åtte minutt seinare var det slåsting i Rosenkrantzgaten i Bergen sentrum.

– Det er denne slåstkampen som peikar seg ut. Her hadde vi tre oppdrag i løpet av kort tid, og siste gongen var det 10–15 menneske som slåst på staden, seier Thue.

Laster Twitter-innhold

Før klokka var fire hadde det vore to nye slosskampar: Ein ved DNB i Småstrangaten, og ein ved Vågsalmenningen.

Laster Twitter-innhold

– Det er stort sett dette nivået det ligg på i helgene i Bergen. Det er nokon som ikkje klarar å oppføre seg når dei drikk alkohol. Vi ser på det som ei nærmast vanleg natt til laurdag, seier operasjonsleiaren.

Tre personar hamna i arresten.

Politiet har oppretta fleiresaker, mellom anna etter at ein mann i 20-åra blei tatt for å ha køyrt vasscooter i Vågen med promille.

Hytteinnbrot i Kvinnherad

Fredag kveld kom det òg meldingar om at det var gjort innbrot i seks hytter i same hyttefelt på Ølve i Kvinnherad.

Politiet har gjort undersøkingar på åstadene og sikra spor.

– Det lokale lensmannskontoret har sett i gang etterforsking på desse sakene. Førebels har vi ikkje oversikt over kva tjuvane har fått med seg, seier Thue.