Hopp til innhold

Fleire på biskop-intervju

Ti personar har vore til intervju om biskop-jobben i Bjørgvin etter Ole D. Hagesæther.

Ole D. Hagesæther
Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

Vårt Land har fått stadfesta namnet på seks av dei ti som har vore til intervju. Av dei er det fem menn og ei kvinne.

Tirsdag i neste veke skal Bjørgvin bispedømmeråd nominera ny kandidat til å ta over etter Ole D. Hagesæther.

Dette er seks av dei ti som skal ha vore på intervju:

Kari Veiteberg

EINASTE KVINNE: Bymisjonsprest Kari Veiteberg.

Foto: Marion Klaseie / NRK

- Kari Veiteberg (47), bymisjonsprest i Tøyenkirken i Oslo

- Ørnulf Elseth (55), domprost i Bergen

- Egil Morland (58), rektor ved NLA Høgskolen i Bergen

- Halvor Nordhaug (55), praktikumsrektor på Menighetsfakultetet

- Kjell Bertel Nyland (59), generalsekretær i Sjømannskirken

- Svein Arne Theodorsen (52), prost i Sunnhordland .