Hopp til innhold

Travel natt for politiet i Hordaland

Mange køyrde i påverka tilstan natt til sundag i Hordaland fylke.

Politi

TRAVEL NATT: Mange hendingar natt til sundag i Hordaland.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Like før klokka 23:00 skriv Haugaland og Sunnhordland politidistrikt på Twitter at ein utanlandsk mann ravar rundt med kniv i Fitjar sentrum. Mannen var rusa, og kniven han hadde beskreiv politiet som ein stor kniv. Politiet bad folk om å halde avstand, og ikkje konfrontere mannen.

Ein halvtime etterpå skriv politiet at dei har arrestert mannen, og at ingen vart skadd.

Fleire køyrde påverka

Rundt klokka kvart over eitt hadde Haugaland og Sunnhordaland politidistrikt eit tilfelle der nokon hadde eit trafikkuhell då dei køyrde med promille. To unge menn køyrde inn i ein hage, og sprang frå staden. Dette skjedde i Fitjarvegen, i Sagvåg på Stord, og etter søk blei bilførar arrestert. Saka vert meldt.

Klokka kvart på to skriv politiet på Twitter at ein førar av personbil blei stansa i Grimesvingene mellom Nesttun og Arna. Førar er mistenkt for køyring i påverka tilstand. Han var i rådvelde av narkotika. Sak vart oppretta.

Like etterpå skriv politiet at ein førar av personbil kolliderte med ein parkert bil i Våkleivåsen, på Bønes. Førar stakk av, men blei etter kort tid arrestert. Førar er mistenkt for køyring i påverka tilstand, og hadde ikkje førarkort.

Etter klokka halv fire skriv politiet at det i Myking, på Lindås, er ei yngre dame som har køyrt ut på eit jorde, og ho er openbart påverka av alkohol. Blodprøve blir tatt, og sak oppretta.

Klokka kvart over seks skriv politiet at det i morgontimane var to bilførarar som vart tatt for køyring i påverka tilstand. Dette skjedde i Bergen sentrum, og på Osterøy.

(Saka held fram under twittermelding.)

Laster Twitter-innhold

Spytta på politimann

Klokka 1:37 vart ein mann på 21 år brakt inn og sett i arrest etter ordensforstyrring på ein pub i Etne. Mannen var i rådvelde av kniv, og saka vert meldt.

Klokka 02:00 melder ein yngre mann frå om at ein person hadde trua han med kniv og prøvde å rane han. Mistenkte sprang frå staden og forsvann. Sak har blitt oppretta.

Rundt klokka fire skriv politiet at ein mann er meldt for vald mot offentleg tenestemann. Mannen spytta på politiet, og sette seg til motverje. Mannen vart brakt inn og sett i fengsla forvaring.

Laster Twitter-innhold