NRK Meny
Normal

Me får stadig fleire diagnosar

Nordmenn har i snitt minst to diagnosar kvar.

Blodtrykk

Lege måler blodtrykket på pasient.

Foto: Colourbox

Artikkelen er flere år gammel.

Å ha ein diagnose er ikkje lenger uvanleg. Tal NRK har henta inn frå Folkehelseinstituttet og dei største interesseorganisasjonane i landet viser at nordmenn i snitt har to diagnosar kvar.

Fagsjef ved Avdeling for folkesykdommer Sidsel Graff-Iversen

Sidsel Graff-Iversen er fagsjef ved Avdeling for folkesjukdommar ved Folkehelseinstituttet.

Foto: Hanne Tharaldsen / Folkehelseinstituttet

Nye diagnosar gjer at fleire blir rekna som sjuke enn tidlegare.

– Det har blitt fleire diagnosar og kvar enkelt person har ofte ein, to, eller kanskje ei heil lita rekke av diagnosar, seier seniorforskar Sidsel Graff-Iversen ved Folkehelseinstituttet.

Speleavhengigheit

Ho trur ei forklaring kan vera at det no er meir som blir inkludert i sjukdomsomgrepet.

– Speleavhengighet er til dømes ein diagnose, det er også høgt kolesterol og bukfedme. Mange av dei er døme på nyare diagnosar der folk ikkje sjølv nødvendigvis ville gå til lege å seia at dei var sjuke, seier Graff-Iversen.

– Å ikkje klara å slutta å røyka er også ein diagnose. Før var det nærast som eit personleg svikt, men i dag er det nikotinavhengigheit, seier seniorforskaren.

– Må ha plass til trøbbel og liding

Per Fuggeli er professor i sosialmedisin ved Universitetet i Oslo. Han er skeptisk til utviklinga, og meiner det i mange tilfelle er for lett å få ein diagnose.

– Det er ei viss overdiagnostisering på enkelte område. Det gjeld blodtrykk, depresjon, angst, og søvnvanskar. Eg trur ein skulle ha sett på ein god del av desse tilstandane som ein del av livets til dels uunngåelege og kanskje nyttige og verdifulle minussider, seier Fuggeli.

Han meiner me må vera på vakt mot en utvikling der eitkvart ubehag skal få ein diagnose.

– Me skal klappa i hendene for medisinske framsteg. Men me må også innsjå at livet blir best i det lange løp om me også gir plass for ein del faenskap, trøbbel og liding. Det er noko som høyrer det naturlege livet til, og noko me kan veksa på, seier Per Fuggeli.

– Er blitt for svake

I Bergen sentrum treff NRK på mange som har ein eller fleire diagnosar. Pollenallergi, revmatiske lidingar, ADHD, diabetes 2 og tette årer er blant diagnosane folk fortel at dei har.

Nokon synest i snitt minst to diagnosar per nordmann er overraskande mykje.

– Det er ganske mange diagnosar i forhold til kor mange me er i landet. Eg har ingen diagnosar sjølv, men kjenner ein som har diabetes, seier Eirik Tonnem (16) frå Bergen.

– Me har blitt for svake. Me pleidde vera sterke vikingar, men no er me berre dvaske, meiner Christopher Ishaque Jamil (18) frå Bergen.

Christopher Isaque Jamil og Eirik Tonnem

Christopher Isaque Jamil og Eirik Tonnem

Foto: Hanne Marie Molde/NRK

Siste video

Øyvor Bakke
Flaum i Nordfjord og svanen «Havnesjefen» er nokre av ingrediensane i Vestlandsrevyen, mandag 24. juli.
Festivalarbeidarar jobbar gratis i varmen. Det er ei av sakene fredags kveld.