Hopp til innhold

Gjenstandar losna frå tunneltak på E16 – fleire bilar trefte

Eit armeringsjarn losna frå tunneltaket og skrapa opp fleire bilar i Knoltatunnelen på E16 mellom Bergen og Voss.

knoltatunnelen

Det var like før klokka 12.00 at politiet fekk melding frå Vegtrafikksentralen om at det ramla ned stein frå tunneltaket i Knoltatunnelen på E16 i Voss kommune.

Operasjonsleiar Per Algerøy i politiet seier at det er fleire bilar som er treft av steinar, men det er ikkje meldt om personskadar.

– Det er fem-seks bilar som har fått skader på bilen, samt to lastebilar. Vi har entreprenør på veg, fortel trafikkoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen.

Seinare viste det seg at det var snakk om eit laust armeringsjarn, som hang ned frå tunneltaket.

– Dette var delvis losna og gjorde skadar på fem-seks bilar og to lastebilar som køyrde gjennom tunnelen. Det er litt uklart kor store skadar bilane har fått. Dei har nok fått seg ei god ripe over taket, seier operasjonsleiar Algerøy.

Kø på lokal omkjøringsveg etter nedfall av stein frå taket på Knoltatunnelen

OMKØYRING: Det danna seg køar på omkøyringsvegen via Eideshagen langs E16.

Foto: 03030-tipser

Tunnelen kan ikkje fjernstengast, så politiet måtte rykka ut for å stenga tunnelen.

Entreprenøren fekk bøygd armeringsjarnet tilbake, og tunnelen blei opna ein knapp halvtime etter at meldinga kom inn.

– Entreprør har bøygd det tilbake, slik at det er trygt for bilar å køyra gjennom, seier Algerøy.

Det danna seg køar på båe sidene av tunnelen. Fleire valde å køyra omkøyringsvegen via Eideshagen, før E16 opna att klokka 12.24.