Hopp til innhold

Fire Bergenstomter aktuelle for mediebydel

Mediebedriftene i Bergen vurderer å flytta saman i ei medieklynge.

I dag blei fire aktuelle plasseringar for ein mediebydel i Bergen for første gong offentleggjort. Det er blant anna NRK, TV2, Bergens Tidende, Bergensavisen, Vizrt og Universitetet i Bergen som vurderer ei samlokalisering i Vestlandshovudstaden.

Målet med ein mediebydel vil vera å bygga det mest spannande miljøet i Norden, som tiltrekk seg kompetanse og talent frå inn- og utland.

Ei viktig side ved ei eventuell medieklynge vil vera nærleik og samarbeid med forskingsmiljøet og medieutdanninga ved Universitetet i Bergen.

Konkurrentar skal saman skapa innovasjon

– Ambisjonen er rett og slett å få til ei sterk klynge av mediebedriftene i Bergen, å få opp innovasjonskrafta og ikkje minst rekrutteringa til mediestillingar, seier kommunikasjonsdirektør Rune Inderøy i TV 2.

Ein eventuell mediebydel vil bestå av bedrifter som til tross for at dei er konkurrentar, bidrar til kreativt fellsskap og saman skapar innovasjon og vekst for fleire.

– Visjonen for NRK er å bli meir opne, meir synleg og å vera til stades i Bergen saman med dei andre mediebedriftene. Visjonen for Bergen vil vera å markera seg sterkare som medieby, og bli det mest attraktive mediemiljøet i Norge og Norden, seier regionsredaktør Unni Arnøy i NRK Hordaland.

Artikkelen held fram under videoen

Video Fire Bergenstomter er aktuelle for mediebydel

To av konsepta vil gå vidare

Dei fire tomtene som er aktuelle er Nøstet, Nygårdsporten, DnB-bygget i Lars Hilles gate 30 og Marineholmen. Det er fire ulike eigedomsselskap som står bak planane for desse tomtene.

Før påske skal eigedomsselskapa presentera ideane sine. Mediebedriftene skal både i fellesskap og kvar for seg vurdera prosjekta og to av medieklyngekonsepta vil gå vidare i konkurransen om å få bygge mediebydelen.

Neste steg vil bli at dei ulike medieaktørane må avklara om det er aktuelt å delta i ei slik samlokalisering. Førebels har ingen av aktørane forplikta seg til noko, men alle har stor tru på ideen.

TV 2 er den av mediebedriftene som har kome lengst i planlegginga. TV 2 har allereie bestemt seg for at dei skal flytta inn i nye lokale og selskapet vil truleg fatta eit endeleg vedtak tidleg på hausten.