Hopp til innhold

Mystisk båtforlis

Skipperen på reketrålaren Stokkøy frå Bømlo har inga forklaring på korleis båten hans kunne kantra og gå ned for snart to veker sidan.

Reketrålaren Stokkøy gjekk ned utanfor Skudeneshavn på Karmøy for eit par veker sidan.

Båten velta heilt plutseleg då dei prøvde å dra laus ein trål som hadde sett seg fast i botn.

Knuste vindauga med knyttneven

I det dramatiske forliset måtte skipperen knusa eit vindauga med berre knyttneven for å redda seg ut av styrhuset.

Heller ikkje sjøfartsinspektør John Ramsøy fekk under sjøforklaringa i dag noko klart svar på kva som var årsaka til forliset.

Forliset til reketrålaren Stokkøy om ettermiddagen den 6. mars, er karaterisert som uforklarleg både av lokale fiskarar og ikkje minst av den 47 år gamle skipperen sjølv.

- Eg har grubla og tenkt, men det er framleis like ubegripeleg, sa han under sjøforklaringa på Stord i dag.

Lærling ombord

Forutan skipperen var det ein 18 år gamal lærling ombord då trålen sette seg fast i eit eller anna på botn, og det var under forsøket på å dra trålen laus at båten velta og sokk i løpet av få minutt.

Kapteinen forklarte at han har har brukt same metode fleire gongar tidlegare, utan at det har fått slike konsekvensar.

Då trålen brått sleppte, kopla skipperen ut motoren.

Båten retta seg opp, men fekk like etterpå ei slagside på over 90 grader.

Kasta seg på sjøen

Då mastene var under vatn, kasta den 18 år gamle lærlingen seg i sjøen.

I styrhuset, som var i ferd med å fyllast med vatn, brukte skipperen eit knyttneveslag til å knusa ei rute, slik at han kom seg ut.

Dei to kom seg over i ein flåte, og blei like etterpå plukka opp av mannskap frå ferja Fjordveien, som hadde sett forliset.

Ingen konklusjon

Noko klart svar på kvifor båten velta, kom altså ikkje fram i dag, men ein av teoriane er at ein kombinasjon av ein stram trålwire, samt bølgjer og straum kan ha medført at båten kantra.

Sjøfartsinspektør John Ramsøy kunne som venta ikkje koma med nokon konklusjon i dag.

- Eg skal gå gjennom denne informasjonen no, og laga ei innstilling til politiet på vanleg måte, seier han.