Hopp til innhold

Fengsling for drapsforsøk

Mannen som er sikta for drapsforsøk på ein kollega ved GC Rieber Compact i Os, blir i dag framstilt for forlenga varetektsfengsling. Det var i desember at mannen i 20-åra knivstakk ei kvinne i slutten av 40-åra på arbeidsplassen. Politiet meiner det er fare for gjentaking og vil fengsle sikta i ytterlegare fire veker, fortel politiadvokat Inger Lise Høyland til NRK.

Knivstikking på GC Rieber Compact AS
Foto: Jon Bolstad / NRK