Hopp til innhold

Fekk stein på to tonn i husveggen

Åse og Tom Bakken seg ei ubehageleg overrasking då ein stein på to tonn braka ned i tunet deira: – Det er ufatteleg at det gjekk så bra som det gjorde.

Tre gutter poserer foran utrast stein

TREFTE VEGGEN: (Frå venstre) Håvard Zahl Bakken, Fredrik Zahl Bakken og Benjamin Neu Eriksen poserer framfor steinen som trefte Håvard og Fredrik sin bestefar sitt hus i går.

Foto: Privat

I åttetida i går kveld braka det utfor huset til ekteparet på Borge på Osterøy. Tom Bakken var i eit av uthusa då han høyrde ei høg romling frå fjellsida.

Då han kom ut låg ein stein på fleire tonn utanfor huset.

Stein som braste inn i husveggen på Osterøy

SVÆR: Dette var synet som møtte Tom Bakken utanfor huset i går kveld.

Foto: Privat

– Det er ufatteleg at det har gått så bra som det har gjort, seier Åse Bakken.

Steinen trefte husveggen, og har gjort skade på eit par kledningsbord. Heldigvis trefte den ikkje rett på.

Det var avisa Bygdanytt som fyrst omtalte saka.

– Du har visst ikkje tatt i for mykje

Dei to ringde sonen Øystein og fortalde om kjempesteinen dei meiner må vege opp mot to tonn.

– Han sa «no overdriv du godt mor». Men då han kom fram og såg steinen såg han at me ikkje hadde tatt i for mykje, fortel Åse Bakken.

Ho meiner steinen kan ha lege fast under nokre tre i ein skråning bak huset, og at trea kan ha blitt rokka på under uvêret den siste veka.

Geologar og folk frå kommunen kjem for å sjå på rasstaden i morgon.

– Det var nifse greier, det er sikkert. Det har vore småsteinar her før, som ikkje har komme så langt ned, men aldri noko slikt. Hadde den gått eit par meter lenger bort hadde han treft badet, seier ho.

Ferden til steinen

TYDELEGE SPOR: Spor utanfor i skråninga bak huset viser tydelege spor etter steinen. Den har gått gjennom to gjerde før den brasa inn i husveggen.

Foto: Privat