Hopp til innhold

Fekk kronisk mageinfeksjon

Uventa mange bergensarar fekk påvist kronisk mageinfeksjon etter Giardia-epidemien hausten 2004.

Giardia-parasitt
Foto: Scanpix/AP

Det viser resultata av eit forskingsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. 124 pasientar har delteke i studien som vert presentert torsdag.

Pasientane vart undersøkt ved sjukehuset på grunn av langvarige plager etter at dei vart smitta av Giardia for tre år sidan.

Plager to år etter

To år etter epidemien hadde rundt 90 personar framleis mageplager som dei ikkje hadde før dei vart smitta, skriv Bergens Tidende.

- Resultata tyder på at ei uventa stor gruppe av pasientar har utvikla ei kronisk mageliding som direkte konsekvens av Giardia-smitten, seier lege Kurt Hanevik, som har hatt hovudansvaret for studien.

Ifølgje Hanevik kan plagene koma og gå, og variera i styrke frå pasient til pasient.

- Dei fleste vert gradvis betre, men fleire må truleg slita med dette i periodar i mange år, seier Kurt Hanevik.

Unik undersøking

Om lag 1500 personar i Bergen fekk påvist Giardia-parasitten i løpet av hausten 2004. Men helsestyresmaktene reknar med at  talet på smitta var fleire gonger så høgt.

Det har ikkje vorte gjort tilsvarande undersøkingar etter Giardia-epidemiar andre stader i verda.