Får pris for kulturlandskap

Marta Bjørgum Meland og Mekjell Meland i Ullensvang får kulturlandskapsprisen i Hordaland for 2018. Dei får prisen mellom anna for å ha halde den bratte fruktgarden ved like og i drift, og for bruk og vedlikehald av gamle hus og for arbeidet med ta vare på historiske pæresortar. Prisen er på 50.000 kroner og eit diplom og delt ut tysdag 2. oktober.

Nyter moreller i Ullensvang
Foto: Marit Hommedal / Scanpix