NRK Meny

Far og son produserte cannabis

Ein 57 år gamal mann og hans son i 20-åra, begge frå Bergen, er dømd til fengsel for produksjon av cannabis, skriv BA. Politiet slo til mot faren si hytte i 2014 og fann då 131 cannabisplanter. 57-åringen er dømd til eitt år og ni månadar, medan sonen er dømd for medverknad og slepp med eitt år fengsel på vilkår.