NRK Meny

Fann krystall under tunnelsprenging

Statens vegvesen gjorde nyleg eit uvanleg funn under sprenging av Råtunnelen på nye E39 mellom Svegatjørn og Rådal. Etter at salven hadde gått av, oppdaga kontrollingeniør Jens Anders Volden (biletet) det som viste seg å vera ein stor kalkpartskrystall. Ifølgje Vegvesenet, som melder at dei no har «arkivert» krystallklumpen på E39-prosjektkontoret, er slike funn uvanlege i samband med vegprosjekt på Vestlandet.

Jens Anders Volden og krystall E39 Svegatjørn-Rådal
Foto: Geir Brekke / Statens vegvesen

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.