Hopp til innhold

Familie blir sitjande i mottak

Den afghanske familien som sat i kyrkjeasyl på Fitjar, må halda seg på eit transittmottak i Buskerud fram til dei vert sende ut av landet. Det opplyser Politiets utlendingseining. Retten avslo fredag anken frå familien om å få vera i landet fram til saka om opphaldsløyve er avgjord.