Hopp til innhold

Fabrikken full av vatn - no blir det enno våtare på Vestlandet

Noregs vassdrags- og energidirektorat har sendt ut flaumvarsel med raudt aktsemdsnivå i Vossodraget frå Vangsvatnet til utløpet i fjorden. Det er høgaste faregrad som betyr at det skal lite til før det blir flaum.

fabrikk

UNDER VATN: Måndag morgon var produksjonslokalet til Nortura Evanger på Voss totalt oversumt. No fryktar fabrikksjefen meldingar om store nedbørsmengder dei neste dagane.

Foto: Bente Jorunn Sundheim

– Frå i kveld og fram til tysdag kveld er det venta 50–90 millimeter med regn. På utsette stader i både Hordaland og Sogn og Fjordane kan det komme mellom 100 og 130 millimeter. No blir det vått på Vestlandet for å seie det mildt, seier vakthavande meteorolog Jørgen Grønneberg.

Vassføringa er stor etter mykje regn på Vestlandet dei siste dagane. Frå måndag kveld er det venta å stige ytterlegare ifølgje NVE som har sendt ut både varsel om flaum og jord- og flomskredfare.

– Heile fabrikken under vatn

ovesvømmelse

STORE SKADAR: Produksjonslokalet til Nortura Evanger har fått skader for kring 60.000 kroner. Fabrikksjefen fryktar det kan bli verre det neste døgnet.

Foto: Bente Jorunn Sunheim

Det var eit trist syn som møtte fabrikksjef Bente Jorunn Sundheim då ho kom på jobb på produksjonslokalet til Nortura Evanger på Voss måndag morgon.

– Det var ikkje noko kjekt dette her. Det er langt frå første gong me har hatt utfordringar her på fabrikken. Me har hatt store problem etter at Vossovassdraget blei regulert, fortel fabrikksjefen.

No fryktar ho at dei skal få enno større problem dei neste dagane. For også vêrvarslinga for Vestlandet har sendt ut OBS-varsel om mykje nedbør. Det er venta mykje og vedvarande regn fram til tysdag kveld, ifølgje meteorolog Grønneberg.

For fabrikken på Voss kan det bety store økonomiske tap.

– Eg orkar nesten ikkje å tenkje på kor mykje pengar det er snakk om. Men me tapar vel kring 60.000 kroner kvar gong dette skjer, fortel Sundheim.

Vegar kan bli oversumt

Voss

– TA FØREHANDSREGLAR: På E16 ved Voss er det fare for at vegen kan bli oversumt. Meteorlog Jørgen Grønnevik ber folk vere varsame i trafikken på utsette stader dei neste dagane.

Foto: Bjørn Erik Ovesen / NRK

Meteorologen seier folk må ta somme førehandsreglar dei komande dagane.

– Det er store mengder regn det er snakk om og det blir særs vått. Det milde vêret vil gje nedbør som regn også i fjellet, seier meteorologen.

Det er venta mest i midtre og indre strok av Hordaland og Sogn og Fjordane, men det er usikkert kor i desse områda det vil regne mest.

– Enkelte vegstrekningar kan bli oversumt. Folk må passe på å reinse stikkrenner og grøfter for at vatnet skal få fritt løp.

– Og så må folk sjølvsagt passe på der det er rasutsett, seier meteorologen.