Mattilsynet ser svært alvorleg på saka fordi arten kan truga den norske bestanden.
Meldt til politiet
I dag blei saka meldt til politiet som no skal etterforska saken.
- Det me i Mattilsynet har gjort til no er å innhenta informasjon om kven som kan ha importert hummar. Me håpar at politiet kan få bruk for dette, seier Åse Bech, som er seksjonssjef hos Mattilsynet i Bergen.
Farleg for den norske hummaren
Det var tidleg denne månaden lokale fiskarar drog opp tre amerikanske hummar utanfor Bjorøy i Fjell. Ein art som er lov å importera til Norge, men som på ingen måte kan setjast ut i sjøen - slik det er blitt gjort her.
Så lenge saka står uløyst uroar ekspertane seg for den norske hummarbestanden.
- Me har absolutt ikkje eit ønskje om å ha amerikansk hummar i våre farvatn. Først om fremst kan hummaren spre farlege sjukdommar. Det kan få store ringverknader for den norske hummaren, seier Bech.
Rømt hummar?
Etter at saka blei meldt til politiet i dag, blir jobben å finna ut om hummaren har rømt eller er blitt sett ut i sjøen med vilje.
Havforskningsinstituttet har alt sett ut fleire ruser i håp om å fanga opp den ulovlege hummaren dersom det fins meir av han utanfor Bjorøy.
Importerer amerikansk hummar
For å hjelpa politiet har Mattilsynet etter funnet fokusert på importørar av amerikansk hummar utanfor Bergen.
- Det er ein del verksemder som har motteke amerikansk hummar frå importørar, fortel Bech.