Hopp til innhold

Etne

Det einaste som er heilt sikkert ved kommunevalet i Etne er at Amund Enge ikkje vert ordførar.

Langfoss
Foto: NRK

Nominasjonsstriden i Høgre har gjort at Enge er ute, og at det politiske landskapet i Etne vert noko meir uklart. Kaotisk kallar nokon det.

Politisk situasjon

Høgre har vore det store og dominerande partiet i Etne i mange år. Men no ser det ut til at partiet har spelt seg sjølv ut over sidelinja. Nominasjonsprosessen i partiet tidlegare i år enda i personstrid og store overskrifter, og Høgre må nok vera førebudd på ein kraftig smell no når ordførar Amund Enge er ute av biletet, og erstatta med nykommaren Roe Lauvås.

Og som i fleire av dei andre kommunane i Hordaland - der kjente politikarar forsvinn - opnar det for framgang for dei andre partia. Truleg kan KrF og Karl Arnold Solheim vera ein av dei som vinn der Høgre taper. Det same gjeld Ap, som for første gong stiller med ein kvinnelege toppkandidat, noverande varaordførar Siri Klokkerstuen.

Elles er krinslista borte frå vallistene i Etne denne gong.

Aktuelle saker

Å leggja til rette for meir bustad og industriareal er ei av dei viktige oppgåvene i Etne. Einskilde spår også at det allereie vedtekne kulturhuset kan bli ei aktuell sak i valkampen. Bygget er vedtekte, men ikkje reist.

Elles er sjølvsagt samferdsle også viktig i Etne, og ny veg og tunnel både til Skånevik og Sauda er viktige saker. Striden kan koma til å stå mellom kva for eit av desse vegprosjekta som er viktigast, for nettopp det er det delte meiningar i Etne om dagen.

Aktuelle kandidatar:

Karl Arnold Solheim (KrF), Albert Inge Rafdal (V), Roger Nilsen (FrP), Roe Lauvås (H), Siri Klokkerstuen (Ap), Sigve Sørheim (Sp)

 

Valstatistikk

etne valstatistikk