NRK Meny
Normal

Evald sin taxi gjer 0-100 på 4,7 sekund

Kva får du viss du miksar rallysport, 350 hestekrefter og drosjenæring på kronglete vestlandsvegar? Taxien til Evald Jåstad frå Hardanger.

Ein fartsglad taxi-sjåfør i Hardanger har endeleg fått oppfylt sin store guttedrøm. No blir Evald Jåstad lagt merke til på dei smale veiene i Ulensvang.

RALLYTAXI: Evald Jåstad frå Ullensvang har gjort røyndom av gutedraumen. Under panseret på denne drosjen ligg 350 hestekrefter. Ein Ford Focus RS tenestegjer som drosje i Hardanger.

– Den yngre garde diggar bilen. Dei gliser frå øyre til øyre når dei set seg inn.

0 til 100 på 4,7 sekund. Det er fasiten når drosjeeigar Evald Jåstad set klampen i botn i den noko utradisjonelle taxien som trafikkerer Hardanger.

– Det er veldig raskt. Du blir trykt bak i setet.

Fjord, fjell og Focus RS

Dei smale og kronglete vegane langs Hardangerfjorden innbyr vanlegvis ikkje til høg fart og svidd gummi, men langs frukttre og fjordarmar finst det no ein drosje som kan syta for nettopp det.

Imponerande 350 hestekrefter gjev drosjepassasjerane i Ullensvang herad ei annleis drosjeoppleving. Drosjen, som er utstyrt med dobbelt så mange hestekrefter som ein ordinær taxi, er resultatet av ein ambisiøs gutedraum.

– Det er litt spesielt, men det er mellom anna gjort justeringar på demparane, så det er jo litt komfort i bilen også, seier drosjeeigar Jåstad.

Rallysport

KRAFT: Det skal ikkje vera tvil om kva type bil Evald Jåstad køyrer.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Einaste av sitt slag i Noreg

I vår gjekk Jåstad til innkjøp av kruttønna på fire hjul. På langturar langs fjorden er det berre taksameteret som held følgje med hestekreftene.

Ifølgje drosjeeigaren sjølv er RS-taxien den einaste av sitt slag her i landet. Han kjenner ikkje til liknande drosjar utanfor landegrensene, heller. Og ja, RS står for rallysport.

– Det er mange som lurar på kva eg skal med ein RS som drosje. Bilen har fem seter, god plass i baksetet og fire dører. Det er godt nok for meg. Bagasjeplass er ikkje noko problem. Her stablar me i høgda, avfeiar sjåføren.

NRK fekk vera med då Jåstad for fyrste gong testa potensialet for fullt på gokartbanen i Kinsarvik. Reaksjonen var ikkje til å ta feil av.

– Å fy... Heilt sinnsjukt. Det går så innmari. Bilen ligg breitt i kvar sving.

Evald Jåstad

Populær – også blant dei eldre

Men til vanleg går det rolegare for seg i drosjekvardagen. Fartspotensialet er for det meste uforløyst. Lovar og reglar er viktig, sjølv om ein har 350 hestekrefter under panseret.

Også dei eldre set pris på fartsvidunderet, sjølv om den låge drosjen kan vera vel vanskeleg å stega inn og ut av.

Racertaxi

STOLT: Slipset og capsen er på når Evald Jåstad fraktar passasjerar i Ullensvang.

Foto: TALE HAUSO / NRK

– Dei eldre gjev skryt for god sittekomfort. For dei som skulle slita, så er eg der med ein gong og hjelper til, lovar 35-åringen.

Drosjen har ein 2,3-liters, firesylindra motor og firehjulsdrift. Bilen er det næraste ein kjem ein fullblods rallycrossbil.

– Er dette den raskaste taxien i Noreg?

– Opp imot. Det er i alle fall den råaste.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017