I april er det to år sidan Øyvind Bjarte Madsen vart drepen. Tre menn vart dømd for drapet. Det er den såkalla hovudmannen, som no har endra forkklaring. Han vart dømt til 21 år i fengsel for å ha gitt ordre om drapet.
Pengeskuld
I ny avhøyr med politiet i haust skal han ha vedgått å gitt ordre om at Madsen skulle takast, men ikkje at han skulle drepast. Motivet skal ha vore økonomiske forhold som ikkje var oppgjort. Den nye forklaringa kjem til å prege ankesaka som kjem opp i Gulating Lagmannsret ti morgon.
Dei tre tiltalte blei i Bergen byrett dømde til fengsel i 21, 18 og 8 år. Alel tre anka.