Hopp til innhold

Dette ante ordføraren ingenting om

Kuratoren og kunstnarane hadde ein heilt spesiell overrasking til ordføraren i Osterøy då ho opna utstillinga Fabrikkert i dag.

Ordføraren i osterøy får ordførarkjede

SÅ GLAD BLEI ORDFØRAREN: Det var med eit stort smil ordførar i Osterøy, Kari Fosied Aakre tok i mot gåva frå kunstnar Mona Nordaas.

Foto: Ronny Bertelsen / Bygdanytt

Ordførar i Osterøy Kari Foseid Aakre for ordførarkjede

JUBEL: Kjedet er laga av metall, eit av varemerka til Osterøy.

Foto: Ronny Bertelsen / Bygdanytt
Kjell-Erik Ruud

PLANLA: Kurator Kjell-Erik Ruud tok saka i eigne hender då han fann ut at ordføraren mangla kjede.

Foto: Ronny Bertelsen / Bygdanytt
Fabrikkert kunsutstilling i Osterøy

FABRIKK FULL AV KUNST: Fem industrihallar i Tysse sine lokal på Osterøy er gjort om til kunstgalleri.

Foto: Ronny Bertelsen / Bygdanytt

I kveld opna utstillinga Fabrikkert i industrilokala til Tysse mekaniske i Osterøy kommune.

Ordførar Kari Foseid Aakre fekk æra av å opne kunstutstilliga, men hadde ingen aning om kor spesielt oppdraget hennar skulle bli denne gongen.

– Vi hadde planlagt ei skikkeleg overrasking, fortel kurator Kjell-Erik Ruud.

Ordførarkjede til Robek-kommunen

– Eg synest ordførarkjeder er veldig flotte, og spurte om ikkje ordføraren kunne ha det på seg når ho skulle opne utstillinga. Då fortalde ho at ho ikkje hadde noko ordførarkjede, seier kuratoren for utstillinga, Kjell-Erik Ruud.

Det synest Ruud var for gale, og fortalde om det til kunstnarane.

– Eg sa at Osterøy er på Robek-lista og har så dårleg økonomi at dei ikkje hadde ordførarkjede, og då ønska Mona Nordaas å lage eit heilt spesielt eit til henne, fortel Ruud.

Nordaas laga eit heilt unikt kjede av brukte metallbitar av tilhengarane som Tysse produserer, og er inspirert av industrien og omgivnadane til utstillinga. Den siste finpussen blei gjort i går.

– Det er verkeleg eit ordførarkjede med ekte lokal forankring i kommunen, seier Ruud.

– Aldri hatt noko slikt rundt halsen

Ordførar Kari Foseid Aakre hadde hatt ein liten mistanke om at noko skulle skje.

– Ruud ringte i dag og spurte om eg ville vere med på eit stund. Eg sa at eg var med på det meste sa eg då, fortel Aakre.

Då ho kom for å opne utstillinga fekk ho gåva av kunstnaren sjølv, Mona Nordaas.

– Eg har aldri hatt noko slikt rundt halsen før. Det er kommunen verdig dette kjedet, sidan det er laga av metall, noko vi er kjende for, fortel Aakre.

– Distrikta fortener det beste

Fabrikken Tysse har i år produsert tilhengarar i 50 år. Kunstnarane Løvaas & Vagle, Wenche Kvalstad Eckhoff, Mona Nordaas, Kirsti van Hoegee og Else Karin Tysse Bysheim stiller ut fem store verk, laga i industrilokala.

– Det er absolutt mogeleg å vise kunst i distrikta som er på høgde med det du kan finne i metropolane. Det er min visjon, seier Ruud.

Ruud var svært opptatt av å skaffe kunstnarar på norsk toppnivå. Løvaas & Vagle er mellom anna kjende for å ha utsmykka operaen i Oslo. Ruud meiner også distrika fortener å oppleve det beste kunsten og kulturen har å by på.

– Det er ikkje lett å arbeide med kultur i distrikta. Vi har ei regjering som meiner at vi skal gå til næringslivet for å skaffe midlar til kultur. Mange stader i distrikts-Norge er det svært vanskeleg, fordi ein manglar dei store bedriftene som held til i byane. Bygdene fortener også kultur på toppnivå, meiner Ruud.

Vanskeleg å skaffe midlar

Dette resulterer i at summane blir langt mindre, og at ein difor ikkje alltid klarer å levere same kvalitet, meiner kuratoren.

– Det er ein knallhard jobb å skaffe midlar til kunst i distrikts-Norge, seier kuratoren.

Likevel fryktar han ikkje at distrikta vil bli underernærte på kulturopplevingar.

– Nei. Forskninga viser at kulturen i distrikta er personbasert. Det fins så mange sterke kulturinteresserte menneske over heile landet som løftar kulturen fram. Men det kan vere tungt når ein stongar hovudet i veggen, og får lite midlar, fortel Ruud.

Kvinnelege kunstnarar

Det er stor industrirom som har blitt fylt med kunst i tida før utstillinga. Ruud ønskte å skape ei motvekt mot den maskuline industrien, og har difor valt å berre bruke kvinnelege kunstnarar,

– Dei er også mellom rundt 30 og 60 år, slik at ein får litt frå kvart tiår. Det er også forskjellige type kunstnarar, frå tekstil til performance, installasjonskunst og meir tradisjonell biletkunst. Eg ønskjer å vise breidde, og variasjonen har gjort det til ei spennande utstilling, fortel Ruud.

Ein kan gå frå industrihall til industrihall, der kvar kunstnar har fått sitt eige rom. Også Tysse-tilhengaren har fått sin plass i utstillinga. Wenche Kvalstad Eckhoff har fylt ein heilt tilhengar med livet sitt.

– Det er utruleg detaljert. Ein lagar eigne historiar frå sitt eige liv. Kunstnarane har fått heilt frie tøylar, og har også hatt mogelegheiten til å bruke restar frå fabrikkproduksjonen, fortel Ruud.