NRK Meny
Normal

Stenger i 2010

Men allereie i august kan 120 arbeidsplassar bli flytta frå Ålvik i Hardanger til Island.

Bjølvefossen verft
Foto: NRK

I 2010 vil alt bli nedlagt. Dette kan fort bety slutten for heile bygda.

Det kom fram på eit allmøte i Ålvik no i ettermiddag.

Det einaste som kan redda Ålvik er at regjeringa set ned kraftprisane.

Ein mørk dag for Ålviksamfunnet, seier Astrid Selsvold, tilsett på Bjølvefossen og ordførar i Kvam.

Ein saga blott

Innbyggarane i industribygda Ålvik er fortvila. I dag informerte Elkem om framtidsutsiktene til hjørnesteinsverksemda Bjølvefossen. Og det ålvikingane fekk høyra fall ikkje i god jord.

Astrid Selsvold er tilsett på Bjølvefossen og ordførar i kommunen. Ho er ikkje i tvil om at det Elkem skisserer er svært dramatisk for bygda.

- Det vil bli eit svært gap i Ålvik om Bjølvefossen forsvinner. Då forsvinner alt grunnlag for livet her. Det er veldig spesielt - andre stader som Årdal og Høyanger har andre ting å spela på. Vi har bare Elkem, seier Kvam-ordføraren.

Styret ved Elkem Bjølvefossen diskuterte tidlegare i dag om produksjonen blir flytta til Island. Dei tilsette markerte sin misnøye ved porten til bedrifta då styret kom i dag. Den endelege avgjerda blir teke i august.

Industriverksemda som er den eldste i Hordaland har på sitt meste hatt over 600 tilsette. I dag bur det 700 menneske i bygda, så godt som alle er meir eller mindre knytt til industrien i Bjølvefossen.

- Straumprisen årsaka

Det er høge straumprisar som er årsaka til at Elkem vil flytta produksjonen.

- Straumprisen på Island er så mykje lågare enn i Norge, så reknestykket gir Ålvik veldig dårlege tal, seier fagforreningsleiar Frode Jakobsen.

Det einaste som kan endre på planane er at regjeringa gjev lågare straumprisar til industrien. Ordføraren fryktar ei slik ordning

i alle høve

kan komma for seint.

- Eit energikraftmarked som regjeringa har på trappene kan komma for seint til at vi kan få ei positiv avgjerd for Bjølvefossen, fryktar Selsvold.

Siste video

Programelder Øyvor Bakke
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.
Bergensartisten avsluttet den store valgdebatten på Festplassen i Bergen.