Hopp til innhold

– Italienarar liknar litt på bergensarar

Eks-trenar i Brann trur Huseklepp vil kjenna igjen lidenskapen frå Bergen i Italia.

Steinar Nilsen
Foto: NRK

– Bergensarar og italienske Bari-supporterar er like lidenskaplege fans, seier tidlegare Brann-trenar Steinar Nilsen til NRK.

Nilsen har sjølv spelt for AC Milan i den italienske toppserien Serie A. Det er den same serien som Bari spelar i.

– Blir ei stor oppleving

Erik Huseklepp

Alt tyder på at Erik Huseklepp går til italienske Bari.

Foto: Peter Morrison / Ap

– Eg syns det er veldig morsomt at han skal spela i same serien som eg har spelt i. Eg trur det blir ei stor utfordring og ei stor oppleving for han, seier Nilsen.

Laurdag kveld blei det kjent at Erik Huseklepp var aktuell for Italia , og etter eit par dagar med forhandlingar tyder alt på at Huseklepp blir selt frå Brann til Bari.

Erik Huseklepp reiste i dag til Italia, og berre formalitetar skal stå att før han har underskrive kontrakt med den italienske klubben.

Kan vera med og unngå nedrykk

Bari ligg nederst på tabellen, og Steinar Nilsen meiner det er ein kjempemulighet for Huseklepp viss han kan bidra til å unngå nedrykk.

– Det vil bli lagt veldig godt merke til både i og utanfor Italia viss han er med og snur situasjonen for Bari. Det kan bli ei fantastisk marknadsføring for han, seier Nilsen.

Nilsen meiner Huseklepp må setja seg på skulebenken med ein gang, og læra seg italiensk.

– Språket er veldig viktig for å lukkast, seier Nilsen.