Hopp til innhold

Eitt lam - to hovud

Lammet blei fødd med to hovud på ein kropp på Søre Sæle i Øygarden.

Lam med to hovud
Foto: Privat

Gardbrukar Jan Gunnar Sæle har ikkje sett noko liknande før.

Kroppen til lammet var normalt, men hovuda hadde bare eitt øyre kvar.

Det spesielle lammet døydde under fødselen.

Veterinær Robert Berg i Mattilsynet seier til Vestnytt at fødselen er spesiell, men ikkje sensasjonell.

– Dette er ei misdanning me sjeldan ser og høyrer om. Sauen har truleg fleire skjulte misdanningar som kan vera årsaka til at dyret døydde, seier småfeekspert Snorre Stuen ved Norges veterinærhøgskole.