Hopp til innhold

Carl Fredrik Seim - historia om turbokapitalisten det gjekk utfor med

Historia om Carl Fredrik Seim handlar om turbokapitalisten med målet om å verte rik, men som enda personleg konkurs.

Onsdag 28. februar byrjar ei av dei mest omfattande økonomiske straffesakene i Bergen gjennom historia.

På tiltalebenken sit Carl Fredrik Seim, den unge forretningsmannen som vart rikskjendis då han kjøpte opp det tradisjonsrike Mjellem & Karlsen-verftet i Bergen, det einaste attverande verftet i byen, i juni 2002.

To månader etter var verftet med 411 tilsette konkurs. Eitt år etter vart Seim arrestert og slått personleg konkurs.

Ville lage eit bustadparadis

Seim ynskja å gjere Marineholmen, området Mjellem og Karlsen låg på, i Bergen om til eit bustadparadis. Med seg som forretningspartnar fekk han Tor Arne Uppstrøm.

Carl Fredrik Seim.
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Seim og Uppstrøm hadde før kjøpet av verftet fleire store eigedomshandlar bak seg, gjort gjennom Tor Arne Uppstrøms selskap Paleum.

Spekulasjonane starta med ein gong etter kjøpet av Mjellem & Karlsen.

Dei kritiske røystene ville ha det til at Seims plan heile vegen var å slakte verftet for å byggje nye bustader og næringsbygg på den attraktive tomt

Arrestert på Flesland

I april 2003, eit drøyt år etter at Mjellem & Karlsen vart kjøp, sel Seim det. Éin månad etter det att kjem meldinga om at den andre spydspissen i Seim-imperiet, eigedomsselskapet Møllendalsbakken 9, er konkurs.

Laurdag 4. juli same år vert Seim arrestert på Bergen lufthavn Flesland. 

Han vert etterforska for å ha lurt til seg pengar for å klare og kjøpe Mjellem & Karlsen.

Tor Arne Uppstrøm.
Foto: ARKIV / NRK

Seim får etterkvart selskap av Uppstrøm og advokat Bertrand Fedeler på tiltalebenken. Fedeler var styreformann i Uppstrøms selskap Paleum.

Bertrant Vedeler.
Foto: Arkiv / NRK

Ifølgje politiet skal dei to ha hjulpe Seim med kvitvasking av pengar, tapping av verdiar frå fleire selskap, grove underslag, grove bedrageri, lånejuksforfalsking, momsjuks og bokføringssnusk.

Det vart teke ut til saman rundt 84 millonar kroner frå selskapa som Carl Fredrik Seim disponerte. Uttaka utgjer grunnlaget for tiltalen om grovt økonomisk utruskap og bedrageri.

Rettsaka i Bergen tingrett skal etter planen vare fram til 18. mai.

Tinghuset i Bergen.
Foto: Therese G. Pisani / NRK
Verftet Mjellem og Karlsen i Laksevåg.
Foto: Therese G. Pisani / NRK