Hopp til innhold

Slik reagerer Albert (10) på Nitimen

At vi menneske kan få ein song på hjernen er ikkje uvanleg. Men det kan også skje hundar, noko Albert er eit godt eksempel på.

At vi mennesker kan få en sang på hjernen er ikke uvanlig.Det kan også skje med hunder, noe han vi skal møte nå er et godt bevis på.

SJÅ VIDEO: Albert stemmer i når Nitimen byrjar på NRK P1. Videojournalist: Jørgen Eide

Albert er ein blandingshund på 10,5 år. Sidan han var liten kvalp har han alltid blitt ekstra ivrig når klokka slår 09.03.

Då byrjar NRK P1 sitt flaggskip på radioen, nemleg Nitimen.

– Eg trur han var ni-ti månadar når han først byrja med dette, minnast matmor Sissel Grønlie.

Naboane på Gyldenpris i Bergen har nok høyrt han mange gonger. I dag har NRK kome på besøk for å sjå og høyra Albert i aksjon. Men blir det synging, no som NRK er på plass for å fanga det heile på film?

Sjå korleis Albert reagerer når Nitimen byrjar på NRK P1 i videoen øvst i saka.