Møt ein av Noregs største familiar

I eit samfunn der folk flest har nok med å balansere jobb og to ungar, sjonglerer familien Vabø i Lindås kvardagslivet med ti born. Dei er ein av Norges største familiar.

Familien Vabø

ÅTTE AV DEI TI: 17-mai feiring på Lindås.

Foto: Privat

Du tenkjer kanskje at nokon med ti ungar har rot, skriking og kaos i huset. Men heimen til familien Vabø i Lindås, er som tatt ut av eit interiørmagasin. Og det stoppar ikkje der.

– Eg bakar rundstykke, bollar og brød, og lagar all mat frå botnen av, fortel Esther Vabø.

Det kan ikkje forklarast. Det må berre erfarast.

Trond Helge Vabø

Den travle tibornsmora hatar rot, og pussa opp kjøken og gang 14 timar etter den siste fødselen.

Korleis har du tid til det når du har ti ungar?

Det går automatisk. Men eg er slik at eg kan gjere fem ting samstundes. Eg har nok nokre ekstra gir, ja.

– Det var å ta litt lite i, kjem det frå ektefella Trond Helge Vabø.

Det handlar om system og rutinar

I 2014 har dei fleste småbarnsfamiliar ein travel kvardag, og ein kan undre seg over korleis mor og far i familien Lindås kan vere i full jobb, ha ti barn, og samstundes halde orden på heimen.

Ekteparet Vabø meiner sjølv det handlar om å ha system og rutinar.

– Det er middag til faste tider, legging til faste tider, lekser til faste tider, og skal noko gjerast er alle med og hjelp til, fortel dei.

– Kva gjer at det er verdt det?

– Det kan ikkje forklarast. Det må berre erfarast, seier Trond Helge Vabø.

– Me er ikkje rike på pengar, men me har ei enorm formue likevel.

Tilfeldig at det blei ti born

At storfamilien har ti born er meir eller mindre tilfeldig.

– Eg har alltid vore glad i barn, og har alltid jobba med barn. Så eg bestemte meg tidleg for at eg ville ha mange, fortel Esther Vabø.

Den sistfødde i rekkja kom 18. desember, og har endå ikkje rukke å få namn.

Er det slik at dei har byrja kjenne deg att på Kvinneklinikken?

Ja, eg var velkomen igjen no òg, sa dei. Eg har snart klippekort. Det er i allefall ikkje langt ifrå, seier Esther Vabø og smiler.

Ho har bestemt seg for at når ho no er 40, får det vere stopp.

– Eg sa det same då den niande ungen kom òg, seier ho.

– «Har du ikkje høyrt om prevensjon?»

Familien er vande med å få reaksjonar på størrelsen på barneflokken.

– «Hugs at dei skal følgjast opp, det kostar pengar». «Har de ikkje høyrt om prevensjon, no må du knipe igjen». Dei kommentarane der er vanlege. Frå den sjuande og opp har eigentleg ikkje folk brydd seg, fortel mor i huset.

Ho forklarar at det er mange hjelpande hender også.

I butikken får familien ei del positiv merksemd frå folk som er imponert over kor flinke ungane er til å hjelpe til med handlinga.

– «Oi! De var flinke. Oi, kor flinke de er til å hjelpe til.» Og då ser barna dumt på dei: «Dette har jo me alltid gjort. Dette er heilt vanleg», fortel Esther Vabø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Familien Vabø

TI BORN: Caroline Mikaela (16) Rebekka Danielle (14 ½), Miriam Marielle (13), Ruben Natanael (11), Joachim Leonard (9), Emilie Linnea (7), William Leander (5), Aron Nikolai (3), Leah Otelia (2), baby (5 veker).

Foto: Privat

– «Fra stua full til tobarnskull»

I 2014 er ein familie med ti barn eit uvanleg syn. Men det har ikkje alltid vore slik.

Kulturforskar Hilde Danielsen seier mykje har endra seg i størrelsen på dei norske familiane dei siste 200 åra.

– På 1800-talet var Noreg eit samfunn der mange døydde og mange blei født. Då måtte ein få mange ungar for å sikre seg at nokre av dei vaks opp.

Mangelen på effektive prevensjonsmiddel gjorde at ein ikkje kunne planleggje størrelsen på familien slik ein gjer i dag. I tillegg kunne det vere viktig for ein familie å få mange ungar for å spe på inntektene, fortel Danielsen.

– Det enkelte barnet

Mellom 1900 – 1930 blei barnetalet i norske familiar halvert. Frå 2009 – 2012 var det berre 69 familiar med ti ungar i Noreg, syner tal frå SSB.

Hilde Danielsen

–SPENNANDE AT NOKON TEK UTRADISJONELLE VAL: Det meiner kulturforskar Hilde Danielsen.

Foto: Leif Skaar

No er me meir oppteken av individet. Dette har bidrege til at folk får færre ungar, fortel kulturforskar Hilde Danielsen.

– Me følgjer ungane tettare opp, og er meir oppteken av sjølvrealisering. I Norge har me veldig høge krav til fritid. Me skal trene, vere kulturelle, gå på kor og alt mogleg. Med mange barn vert ein meir bunden til å vere i heimen.

Danielsen seier vektlegginga av alt ein skal gje til kvart enkelt barn, gjer at mange etter kvart har valt å få færre ungar.

– Det vert lagt sterkare vekt på kvart enkelt barn si utvikling. Det handlar ikkje lenger om barneflokken, men om å sjå det enkelte barnet. Og tenkjer ein slik, vert det veldig mykje arbeid med å ha ungar.

Etter kvart som talet på barnedødelegheit gjekk ned, blei det også meir økonomisk gunstig å få færre barn, fortel Danielsen.

HØYR OGSÅ: Familien Vabø i Hordaland i dag

– Tøft at nokon tek utradisjonelle val

– Det typiske i dag er å få to-tre barn. Slik har det vore ganske lengje. Det er spennande at nokon tek utradisjonelle val, seier forskar Hilde Danielsen.

Ho meiner det er synd dersom normene i samfunnet set for store grenser i forhold til kva folk gjer.

Familien på tolv har ikkje ein A4 kvardag, men dei tenkjer ikkje så mykje over kor mange dei er i kvardagen. Det berre er slik.

– Det vert utruleg interessant å sjå alle vekse opp. Når alle kjem tilbake hit med kvar sin heim, og babyar, så må me jo byrje byggje i høgda. Det vert fyrste skyskraparen på Skauge, ler Trond Helge og Esther Vabø.