Hopp til innhold

Ei spesiell kjærleikshistorie

Liva Eide og Reidar Vikne møttast ein gong i tenåra. 56 år etter fann dei kvarandre igjen.

Nygifte Reidar Vikne og Liva Eide.
Foto: Linn Mevold Skogheim / NRK

Reidar Vikne spelar piano i huset på Ostereidet mens kona Liva Eide ser kjærleg på han.

Liva er 72 år og Reidar 75 år, og dei er nygifte.

- Vi møttes første gong i eit bryllaup på Osterøy då vi var 16 og 19 år gamle. Ei jente med langt lyst hår og blå auge gjorde eit sterkt inntrykk på meg, fortel Reidar Vikne.

Liva Eide og Reidar Viknes bryllupsbilde.

NYGIFTE: Liva Eide og Reidar Viknes på bryllupsbildet.

Foto: Linn Mevold Skogheim / NRK

- Tenkte på ho kvar dag

Skjebnen gjorde at det ikkje blei meir kontakt mellom dei to den gongen. Liva blei sjukepleiar og levde eit langt og godt yrkesliv i Bergen, medan Reidar fortsatte som musikar og fekk kone og fire barn i Skien.

-Eg gløymde aldri Liva og tenkte på ho kvar dag i 56 år, minnast Reidar.

-Eg hadde tenkt på han, men mest som ein dyktig musikar og kanskje ikkje som den store kjærleiken, fortel Liva.

Ei stemme som sa "Liva"

Men så, etter 56 år, tok Reidar mot til seg og ringte til Liva.

-Eg høyrde straks ei damestemme som sa "Liva". Då vart eg stille. Så tok eg meg saman og spurte om namnet Reidar Vikne sa ho noko.

- Ein fantastisk dag

Det var for to år sidan. Sidan blei det mange telefonsamtalar og etterkvart møter. Kjærleiken vaks, og 9.juni i år sto bryllaupet i Ostereidet kyrkje i Lindås.

-Det var ein fantastisk dag, ein dag vi hadde venta på i 56 år, fortel dei nygifte.

-Vi veit at vi kanskje ikkje får så mange år i lag, men vi grip dagen og gledar oss over den kvar dag, avsluttar Liva Eide.