E39 stengd i eitt døgn etter fleire ras

MATRE (NRK): Steinar frå fjellsida trefte både E39 og omkøyringsvegen og skapte store konsekvensar i trafikken.

Kø på E39 med store kjøretøy etter ras i Matre

LANGE KØAR: Vegvesenet opna først for ledebil forbi staden, men så raste det igjen. Her står store køyretøy i kø ved Matre nord for raset.

Foto: Gøril Sætre

SISTE: E39 i Masfjorden opnar onsdag morgon klokka 09.30.

Det heile starta med eit ras ved Masfjordtunnelen på E39 23 timar før, tysdag i 10.30-tida.

Statens vegvesen opplyste at også omkøyringsvegen for E39 i Matre, er treft av steinar. Dermed vart den også stengt.

Stein frå raset på E39

STORE STEINAR: Ein av steinane frå raset trefte ei bu rett ved tunnelen.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Opna vegen – så raste det igjen

Store steinar stengde vegen ved inngangen til tunnelen, der steinane hadde treft tunnelinngangen og ein bygning like ved.

– Steinane trefte fyrst tunnelportalen på nordsida, fortel Marius Råve ved Vegtrafikksentralen.

Rett etter trefte det også fylkesveg 383.

Etter kort tid opna Vegvesenet for forbikøyring med ledebil på staden. Men så raste det igjen.

Vanskeleg omkøyring

Det førte til at vegen vart halden stengd i over 23 timar, og konsekvensane store for mange som brukar vegen.

Tysdag ettermiddag skulle geologar opp i området med helikopter. Men på grunn av vanskelege vêrforhold kjem ikkje geologen seg opp med helikopter.

Dermed vart det gjort ny vurdering om opning onsdag morgon.

Mogleg omkøyring er om sambandet Masfjordnes–Duesund, eit kronglete alternativ som ikkje passar for store køyretøy.

Laster kart, vennligst vent...

– Turen blir to til fire timar lengre

Transportselskapet Transferd er ein av dei som er råka av raset. Selskapet har dagleg mellom fem og ti bilar som køyrer strekninga.

Avdelingsleiar Joar Råheim seier det blir lang omkøyring for sjåførane deira.

– Det kan fort gjere at turen blir to til fire timar lengre. Omkøyringsvegane har jo ikkje same kapasitet som hovudvegen. Men vi lyt berre løyse det så godt som mogleg, seier Råheim.

Kø i Matre, E39

MÅ KØYRE OMVEG: Her blir bilistar orienterte om dei moglege omkøyringsvegane i Matre på E39. Det er delvis kronglete og tronge vegar som ikkje passar for store køyretøy.

Foto: NRK-tipsar