Hopp til innhold

E16 opna for trafikk

Klokka 00.44 i natt kunne E16 endeleg opnast igjen for trafikk i Vaksdal etter å ha vore stengd mellom Langhelletunnelen – Bogetunnelen på grunn av ras.

Oppryddingsarbeid i Vaksdal etter jordras.

SJÅ VIDEO: I heile går var det opprydding på E16.

Oppryddingsarbeidet på E16 tok lengre tid enn planlagt.

– No står att det spyling av vegbana og så kan vi opne E16, opplyste vegtrafikksentralen seint i går kveld.

Etter fleire utsettingar utover dagen i går, satsa dei på å opne vegen klokka 00.30, og tidsskjemaet vart berre overskride med få minuttar.

Eit stort jordras trefte E16 og Bergensbanen i Vaksdal 12. mai. Raset gjekk mellom Langhelletunnelen og Bogetunnelen, og eit lokaltog frå NSB med 40 personar om bord køyrde inn i raset. Ingen personar vart skadd.

Kaos gjennom Hardanger

Fylkesveg 7 mellom Kvamskogen og Granvin var omkøyringsveg så lenge E16 var stengd. Det skapte store køproblem.

– Det er lange køar og går veldig treigt på omkøyringsvegen, så vi oppmodar bilistar til å vente med å reise til E16 er opna, sa Idar Sangolt i Vegtrafikksentralen i går.

jordras
Foto: Alrik Velsvik

Vegvesenet dirigerte trafikken på enkelte av desse stadene så lenge det var behov.

Laster Twitter-innhold

Vil framleis vere risiko

Geolog Julie Engelien Bjørlien har vore på synfaring i rasområdet og konkludert med at vegen kunne opnast i går kveld.

– Det har gått eit glideskred, som er eit snøskred som er veldig vanskeleg å føreseie når går. Eg har observert meir oppsprekking i fjellsida, så det vil framleis vere risiko i området, seier geolog Julie Engelien Bjørlien.

– Så det er ikkje heilt trygt å køyre endå?

– Det er sånn som det er på andre vestlandsvegar. Vi har utfordringar med skred store delar av året, seier Bjørlien.

– Det er meldt mykje nedbør dei komande dagane. Kva vil det seie for rasfaren her?

– Det kan føre til at rasfaren auke. Vi vil difor følgje med på værvarslinga, for å sjå korleis det utviklar seg og kor store nedbørsmengder som kjem, legg Bjørlien til.