Hopp til innhold

Drosjesjåfør angripen i Åsane

Ein drosjesjåfør vart slegen i andletet og fekk brillene øydelagt då han vart angripen i bilen sin på Flaktveit i Åsane i natt. Gjerningsmannen stakk frå staden, men vart seinare arrestert. Bakgrunnen for angrepet skal ha vore usemje rundt betaling. Operasjonsleiar Arve Samsonsen fortel at den mistenkte mannen er 18 år, og skal avhøyrast laurdag.