NRK Meny
Normal

Drevland erkjenner straffskuld

Odd Drevland erkjende skuld for grovt underslag, men hevda likevel at han ikkje hadde gjort alt han er tiltala for. – Eg sit i ein offentleg gapestokk. No må eg sette ein sluttstrek, seier eksadvokaten.

Odd Drevland

MØTTE I RETTEN: Eksadvokat Odd Drevland er tiltalt for tre tilfelle av grovt økonomisk underslag.(Arkivfoto)

Foto: Johansen, Rune / SCANPIX

For andre gong på ein månad er tidlegare advokat Odd Drevland involvert i ei rettssak i Bergen tingrett. 4. februar starta saka der Taxi Vest gjekk til sivilt søksmål og saksøkte Drevland for 2,2 millionar kroner.

I dag byrja rettssaka der Drevland er tiltalt for grovt underslag, som omfattar totalt 2,9 millionar kroner.

– Eg sit i ein offentleg gapestokk og det går utover familien. No må eg sette ein sluttstrek. Det inneber at eg erkjenne straffskuld etter heile tiltalen, seier plutseleg Drevland i retten då han må ta stilling til skuldspørsmålet.

Uventa vending

På førehand var det forventa at Drevland ville berre erkjenne delar av tiltalen som er tatt ut mot han. Det gjeld underslaget frå dødsbuet. I tillegg innrømmer han å ha gitt feil rekneskapsopplysningar. Men utover dette ville ikkje Drevland erkjenne straffskuld.

– No må eg kome meg vidare, seier Drevland i retten.

Då Drevland erkjende straffskuld bad han om å få utdjupe skuldspørsmålet. Då sa han at sjølv om han ikkje har gjort det han er tiltalt for, så erkjenner han straffskuld.

– Det er eit tankekors at pressa gjennom eit vanvettig køyr kan få folk til erkjenne skuld for noko dei ikkje har gjort, seier Drevland.

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Forsvarar Per Magne Kristiansen (biletet) og statsadvokat Benedikte Høgseth kommenterer Drevland sitt svar på skuldspørsmålet.

– Det har prega han

I pausen svara Drevland sin forsvarar, advokat Per Magne Kristiansen, på kvifor klienten hans erkjenner straffskuld.

– Han er i ein situasjon der han må leggje ting bak seg. Nok er nok, seier Kristiansen.

– Han tok opp media då han forklarte seg om skuldspørsmålet. Kva er det han meiner er pressa si rolle?

– Han har følt seg hudlaus og forfølgt over ganske mange år. Det går tilbake til at ein i kvart tilfelle nyttar media til å ta opp ting som er knytt til Drevland. Det har prega han, seier Kristiansen.

– Drevland er fullstendig utkøyrd. Han må ta sine val for å kome seg vidare i livet, og det har han no gjort, seier forsvararen.

Statsadvokaten tok i haust ut tiltale for tre tilfelle av grovt økonomisk underslag, som omfattar totalt 2,9 millionar kroner. Saka har ei strafferamme på minst seks år fengsel.

Bergen tingrett, advokat

I RETTEN: Eksadvokat Odd Drevland er tiltalt for tre tilfelle av grovt økonomisk underslag. Her er forsvararen Per Magne Kristiansen før rettssaka starta.

Foto: Oddgeir Øystese

Siste video

Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.
Vestlandsrevyen 21.september frå Torgallmenningen i Bergen.