Hopp til innhold

Mann drepen i knivdrama i Bergen

Mannen i 50-åra som er arrestert for drap og drapsforsøk etter knivstikking på Gyldenpris i Bergen, nektar å ha noko med drapet å gjera.

To til sjukehus etter knivstikking i Bergen

KNIVSTIKKING: To personar er frakta til sjukehus etter knivstikking i Michael Krohns gate i Bergen.

Foto: Ingrid Tangstad Hatlevoll / NRK

Knivstikking i Michael Krohns gate

TRE SKADDE: Tre personar vart frakta til sjukehus etter knivstikkinga i Michael Krohns gate. Den eine vart seinare stadfesta omkommen.

Foto: Ingrid Tangstad Hatlevoll / NRK
Innsatsleiar i politiet Rune Vedeler

ORIENTERER: Politiet sin innsatsleiar Rune Vedeler orienterer om knivstikkinga.

Foto: Ingrid Tangstad Hatlevoll / NRK

Ein mann døydde tysdag kveld etter knivstikking i Michael Krohns gate i Bergen, det stadfesta politiet klokka 19.15 tysdag kveld. Ein mann i femtiåra er sikta for drapet.

– Min klient var inne i si eiga leilegheit då drapet skjedde. Han nektar difor straffskuld, seier mannen sin forsvarar Jostein Alvheim til VG.no.

Tilstanden betre for det andre knivofferet

Tysdag kveld vart ytterlegare to menn frakta til Haukeland universitetssjukehus i tillegg til den drepne mannen, ein kritisk skadd og ein med lettare skader.

Onsdag morgon skriv sjukehuset at tilstanden har betra seg for den kritisk skadde mannen, som no er lettare skadd.

Den andre, ein mann tidleg i sekstiåra, måtte berre innom legevakten for ein sjekk før han vart sendt til politiet for avhøyr.

Politiet har arrestert og sikta ein mann i midten av 50-åra for å stå bak knivstikkinga. Politiet fekk melding om hendinga klokka 18.07.

Alle dei involverte er etnisk norske menn.

– Blodig mann kom ut i gata

Det var ein ambulanse som eigentleg skulle til eit anna oppdrag som kom først til staden.

– Det kom ein mann som var tilsølt med blod, som kom ut i gata. Ein ambulanse som tilfeldigvis skulle til eit anna oppdrag tok seg av mannen, seier politiet sin innsatsleiar Rune Vedeler.

– Deretter tok politiet seg inn i huset, og me oppdaga straks at me trengte medisinsk assistanse, fortel Vedeler.

Knivdrap i Bergen

Video: Ein mann er stadfesta omkommen etter knivstikking på Gyllenpris i Bergen.

Mann i 50-åra arrestert

Arrestasjonen skal ha skjedd utan større dramatikk. To personar er alvorleg skadde og ein person fekk lettare skadar etter hendinga.

Dei to skadde er frakta med ambulanse til Haukeland universitetssjukehus.

– Me har ikkje fått meldingar om at personen skal ha sett seg til motverje, seier operasjonsleiar Ole Jakob Malmo i Hordaland politidistrikt.

Mannen som vart arrestert var tilsynelatande uskadd, opplyser vitne NRK.no har snakka med. Det skal ha vore fem personar i husværet då knivstikkinga skjedde. Alle skal vera etnisk norske, opplyser politiet.

Store politistyrkar og fleire ambulansar rykte ut til staden. Michael Krohns gate vart like før klokka 20 opna att, etter å ha vore stengt i halvannan time.

Innsatsleder Rune Vedeler om knivdrap i Bergen

Innsatsleder Rune Vedeler om knivdrap i Bergen

Fortel om fleire episodar

Naboar fortel til NRK.no at politiet den siste tida har rykt ut til det same huset fleire gongar.

– Me har ikkje opplevd det tidlegare, men dei siste månadene har det vore fleire tilfelle, seier ei kvinne.

Då NRK snakka med innsatsleiar i politiet Rune Vedeler kunne han ikkje stadfeste informasjonen..