Hopp til innhold

Drapstiltalt meiner han var offer

Den 35 år gamle mannen som er tiltalt for drapsforsøk etter knivslagsmålet i Arna 15. februar i år meiner han sjølv var eit offer. 35-åringen skal ha frykta for sitt eige liv då han knivstakk ein ti år eldre mann, skriv BA. Statsadvokaten er i Hordaland er ueinig og meiner 35-åringen hadde intensjonar om å drepe då han stakk kniven i 45-åringen. Saka kjem opp i Bergen tingrett i starten av mai.