NRK Meny
Normal

Monika-saka: Sikta fengsla i fire nye veker

Den 32 år gamle litauaren som er sikta for drap i Monika-saka møtte i nytt fengslingsmøte i dag. Samstundes gjennomførte Kripos ny rekonstruksjon på åstaden.

Jente funnet død på Sund

SUND: Ein 32 år gamal mann er sikta for å ha drepen Monika Sviglinskaja (8). I dag møtte han i nytt fengslingsmøte medan Kripos gjennomførte ny rekonstruksjon her på åstaden.

Foto: Presttun, Remi Bøe / NTB scanpix

I dagens fengslingsmøte valde den drapssikta å gi ein kort forklaring. Han gav uttrykk for at han meiner politiet ikkje har gjort jobben sin og at han må ta konsekvensane.

– No må politiet avslutte dette sirkuset og la meg få snakke med min familie. Ein treng ikkje vera professor for å forstå at dette kan knekka ein person og få han til å tilstå, sa den 32 år gamle mannen i Bergen tingrett ifølge Bergens Tidende.

Fengsla i fire veker

Mannen er sikta for innbrot og drap på åtte år gamle Monika Sviglinskaja i november 2011. 32-åringen har allereie vore fengsla i åtte veker, og politiet bad i dag om å halde han varetektsfengsla i fire veker til.

I Bergen tingrett fekk dei medhald. 32-åringen er varetektsfengsla i fire veker med brev og besøksforbod.

Ny rekonstruksjon

Saka om dødsfallet til Monika vart først lagt bort, men etter å ha gjenopna etterforskinga vart 32-åringen arrestert og sikta for drap i oktober i år. Politiet har DNA-treff som knyter litauaren til åstaden på Steinsland på Sotra.

For ei veke sidan gjennomførte Kripos ein rekonstruksjon på åstaden, der også Monikas mor var til stades. Samstundes med fengslingsmøtet i Bergen, gjorde Kripos i dag ein ny rekonstruksjon.

Denne gongen med fokus på det tekniske. Ovanfor BT bekreftar etterforskingsleiar Tor Kallmyr i Kripos at ein slik rekonstruksjon ikkje vart gjennomført under den opphavlege etterforskinga.

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2